I tillegg er det sendt ut eit opprop til alle kommunane og fleire organisasjonar i fylket. Ordførar i Eid, Kristen Hundeide, reknar med brei politisk støtte.
I Selje har radiolyttar Nils Sætren frå Selje teke initiativ til underskriftsaksjon. Sætren vil straks setje igong ein aksjon i eigen kommune, og han oppmodar folk i andre kommunar om å gjere det same.
Sterke reaksjonar
Forslaget frå leiinga i NRK om å flytte leiinga til Ålesund eller Bergen har skapt sterke reaksjonar blant lyttarane i Sogn og Fjordane.
I løpet av sommarferien skal forslaget ut på høyring, før styret i NRK etter planen skal ta den endelege avgjerda i eit møte den 26.august.