Hopp til innhold

Folkekrav om meir Lovleg

I løpet av 24 timar har ein kampanje for fleire sesongar av den populære ungdomsserien Lovleg samla inn over 350 signaturar.

Lovleg

LOVLEG: Det blir ikkje ein tredje sesong med Lovleg.

Foto: Rubicon TV / NRK

Underskriftskampanjen er med det den mest populære underskriftskampanjen på Opprop punktum net.

– Eg tykte serien stoppa så brått, og så såg eg at det var mykje engasjement i kommentarfelta, seier Silje Leiknes Johnsen.

22-åringen frå Kvænangen venta eigentleg på at nokon skulle starte eit opprop, men når ingen andre gjorde det fann ho ut ho måtte gjere det sjølv.

Silje Leiknes Johnsen

VIL HA MEIR: Silje Leiknes Johnsen har starta oppro for fleire episodar av Lovleg.

Foto: Privat

– Dette er ein serie som er lett å kjenne seg at i. Eg måtte sjølv bu på hybel då eg byrja på vidaregåande, og så er det fint at serien ikkje er frå Oslo, seier Johnsen.

Rørt av interesse

Skaparen bak Lovleg er rørt av at folk no kjempar for å redde TV-serien som er spelt inn på Sandane.

– Fansen er heilt fantastisk, seier Kjersti Wøien Håland.

Før helga vart det kjent at det ikkje blir meir enn to sesongar for ungdomsserien Lovleg. Tilbakemeldingane har ikkje latt vente på seg etter at det vart klart at det var over og ut for serien om hybellivet på bygda.

– Eg tykkjer først og fremst at det er veldig rørande. Ein ynskjer å nå ut til folk og at det har ein effekt på livet til folk, seier Håland.

Kjersti Wøien Håland er kvinna bak Lovleg

KVINNA BAK SERIEN: Kjersti Wøien Håland Har skrive manus til serien.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Serieskaparen kjem sjølv frå Høyanger i Sogn og Fjordane og skulle gjerne ha fortsett med å fortelje historier frå hybelhuset på Sandane. I den første sesongen vart vi kjende med Gunnhild og dei andre vidaregåande-elevane som lever hybellivet. Serien handlar om å prøve å passe inn, om angst, forelsking, einsemd, og om å ikkje få ting heilt til.

– På reaksjonane ser ein at serien har vore viktig for nokre, og ingenting er meir rørande enn når ein har laga noko som er det, seier Håland.

– Stas å vere med

Med Lovleg-serien vart Firda VGS og hybellivet Sandane sett på kartet og rektoren på Lovleg-skulen skulle gjerne sette ein sesong til.

Hallgeir Hansen, rektor Firda Vidaregåande

LOVLEG-SKULEN: Hallgeir Hansen er rektor ved Firda Vidaregåande skule der Lovleg er spelt inn.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg tykkjer dette har vore spanande å vere med på. Eg ser og at det har vore god entusiasme blant elevane våre. Vi har fått merksemd, og så er det stas å bli vist på landsdekkande tv, seier rektor Hallgeir Hansen.

Serien har vore innspelt medan skulen gått som vanleg. Sjølv om det i starten var litt mykje stativ og filmkamera, gjekk det seg etter kvart til og vart ein del av kvardagen.

– Mange av desse seriane blir litt byfenomen. Det at dei valde å legge det til ein mindre stad i Bygde-Noreg, med nynorsk i sentrum, tykkjer eg er veldig flott, seier Hansen.

No er det slutt

I NRK P3 er fungerande redaksjonssjef Nora Ibrahim glad for at så mange likar Lovleg-serien, men kan ikkje love fleire episodar.

Nora Ibrahim

SLUTT: Nora Ibrahim er fungerande redaksjonssjef i P3.

Foto: Sidsel Mundal, Nrk

– Det er heilt fantastisk at engasjementet for Lovleg lever vidare. Det seier noko om kor mykje serien har betydd for folk. Så er det eit sunnheitsteikn å sluttw medan folk framleis vil har meir og ikkje har gått leie, seier Ibrahim.