Hopp til innhold

Underskrifter mot Fiskå mølle

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i løpet av ein månad motteke kring 200 underskrifter mot forprodusenten Fiskå Mølle sitt nybygg på Sandane.

Båthamna på Sandane
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Naboar fryktar Fiskå Mølle vil drive lasting og lossing av båtane døgnet rundt med støy og utslepp som resultat.

Kontaktperson for underskriftsoppropet, Øystein Eide, meiner søknaden frå Fiskå Mølle er altfor diffus.

- Vi har levert inn ein merknad. Den går på utsleppssøknaden som vi meiner er mangelfull. Ein del av punkta er svært miljøbelastande for både Austreim og heile bukta inn til Sandane. Det går både på lukt, støy, støvutslepp og på høgda på bygget, seier han.

Frist til august

Saka har no vore til behandling hjå Fylkesmannen, som har sendt merknader tilbake til Fiskå Mølle.

Fiskå Mølle har frist til august med å svare Fylkesmannen. Det har ikkje lukkast å få kommentarar frå Fiskå Mølle i denne saka.