Distriktsrevisor Markvard Sunde i kommunerevisjon Nordfjord seier at storleiken på underskotet er 15,9 millionar kroner.
- Underskotet er på 14.882.347, men så kjem millionen som Vågsøy kommune vedtok å støtte TSRM med på toppen av det. Då vert resultatet på 15,88 millionar, seier Sunde til Fjordenes Tidende.
Mykje ekstraarbeid
Leiar i kontrollutvalet i Vågsøy kommune, Inger Grethe Dalehamn (Frp), vil ikkje seie noko om kva tid ho trur utvalet vert ferdige med kontrollen etter fjorårets seglskutefest.
- Me veit at det me kjem med kjem til å bli lest med lupe. Difor vil me gjere ein så god jobb som mogleg. Det er viktigare enn å bli raskt ferdige, seier Dalehamn.
Ekstrarekning
Kommunerevisjon Nordfjord må vurdere om dei skal sende ny rekning til Vågsøy kommune etter mykje ekstra arbeid.
- Det har vore diskutert, men styret har ikkje fatta noko vedtak, seier Markvard Sunde.