Teatersjef Terje Lyngstad
Hovudårsaka var svak styring og manglande kontroll av økonomifunksjonen. I tillegg var aktiviteten alt for høg i høve til inntektene, skriv teatersjef Terje Lyngstad og styreleiar Rasmus Felde.
Teateret vil kutte kraftig i årets aktivitet for å rette opp att økonomien.
Publikumssuksess - økonomisk fiasko
Sogn og Fjordane Teater hadde 30.000 besøkande i fjor, meir enn nokon gong sidan slutten av 80-talet.
Framsyninga Maksvær med Vinskvett spelte inn meir pengar åleine enn teateret klarte å spele inn i heile 2003. Likevel, eller kanskje nettopp difor, vart 2004 ein dundrande økonomisk fiasko.
For høg aktivitet
Aktiviteten vart rett og slett for stor. Sogn og Fjordane Teater lever på tilskot. Billettinntekter er hyggjeleg, men spelar til sjuande og sist ei svært lita rolle. Stor aktivitet betyr først og fremst høge utgifter. 2,3 millionar kroner i minus med ein omsetnad på rundt 17,5 millionar kroner, fortel alt om at Terje Lyngstad bomma kraftig i sitt debutår som teatersjef.
Tek skulda sjølv
I eit notat til dei tre eigarane som er staten, fylkeskommunen og kommunen, så legg han heller ikkje skulda på nokon andre.
Spørsmålet er kva konsekvensar den svake styringa får internt på teateret, og for dei teaterelskande i Sogn og Fjordane.