Underskot for Sommarfesten

Konserten med Kurt Nilsen i Førde gjekk med underskot på laurdag. Samtidig dobla utestaden Pikant, som ligg like ved, omsetnaden sin. Det skriv avisa Firda. Det var Sommarfesten i Sunnfjord som arrangerte konserten med Kurt Nilsen, kor det kom litt over 1100 besøkande. Dei trong 1400 - 1500 gjester for å gå i null.

Kurt Nilsen
Foto: Vidar Furnes / NRK