Underskot for Lutelandet

Satsinga på å hogge opp gamle oljeplattformer på Lutelandet i Fjaler har så langt ikkje vore god butikk. I alle fall ikkje for selskapet som eig tomta, skriv Firda. Selskapet Lutelandet utvikling gjekk i fjor med eit underskot på 14 millionar kroner. Største eigarane er fylkeskommunen og Fjaler kommune. Førebels er det uvisst om selskapet som driv med opphogging av Yme-plattformen har fått nye oppdrag når dette arbeidet er ferdig.

Yme på Lutelandet
Foto: Arne Stubhaug / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune