Hopp til innhold

Underkjølt og glatt på fylkesgrensa på E39

– Eg har fått mange meldingar, seier Roger Nedberge Hille på Vegtrafikksentralen, som oppmodar folk om å køyre etter forholda.

Vogntog på tvers

SPERRE: Dette vogntoget fekk snurr på E39 like nord for fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, og sperra for trafikk i begge retningar. Foto og redigering: Elias Engevik.

– Eg har fått fleire meldingar om dårlege køyreforhold og underkjøling rundt grensa til Hordaland. Det er glatt sør i fylket, både i indre og ytre delar, seier Hille.

Vogntog sperra E39

Han fekk også mange meldingar om vogntoget som sperra E39 like nord for grensa til Sogn og Fjordane.

– Folk spurde kvifor det var kø, men ingen såg kva som skjedde. Eg fekk ingen meldingar frå politi eller andre, seier Hille.

NRK sin reporter på staden var på veg nordover med bussen. Han vart sitjande i kø for andre gong på turen frå Bergen, etter at ei ulukke på E39 i Lindås stogga bussen like sør for grensa.

Lokale brøytebilar fekk trekt vogntoget på plass, og trafikken skal no gå som normalt.

Vogntog fylkesgrensa

HJELP: Lokale traktorar og brøytemannskap vart redninga for trafikantane som var leie av å stå i kø på E39 på fylkesgrensa.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Svart asfalt, klink is

Hille åtvarar folk som er ute med bil rundt grensa.

– Folk må ta det med ro grunna fare for underkjøling. Då er det svart asfalt med klink is. Ikkje overalt, men det kan plutseleg skje rundt ein sving.

Vegtrafikksentralen har ikkje fått mange meldingar frå resten av fylket, men oppmodinga er likevel å vere forsiktig på vinterføret.

– Nei, vi har ikkje fått mange meldingar. Men folk må køyre etter forholda uansett. Glatte vegar og underkjøling kan oppstå lokalt, så ver observant, seier Hille.

Elles er fleire vegar rundt om i fylket framleis stengde på grunn av uver eller fare for ras. Lista var mykje lengre då uveret Nina herja.

  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har hatt kolonnekøyring grunna uvêr, men er open for trafikk frå klokka 18.30.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr, blir ikkje opna søndag.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt på grunn av uvêr, blir ikkje opna søndag.
  • Fylkesveg 93 Heldalsheia, strekninga Nautsund-Vadheim, på grunn av oppryddingsarbeid, forventa opna måndag.
  • Fylkesveg 241 Gudvangen-Bakka er mellombels stengd på grunn av rasfare, blir ikkje opna søndag.