Jølstringen sette inn 23 seriemål for Fjøra i 2005-sesongen. No er Fjøra og Årdal FK samde om ein utlånsavtale, skriv heimesida til Årdal FK.
Svært nøgde
- Vi har hatt ein fin dialog med Fjøra FK, seier styremedlem Torstein Kvam til nettisda. - Vi har fått ein avtale vi kan leve med, og vi er svært nøgde med å ha fått på plass ein spiss som kan vere med og kjempe om ein plass i angrepet. Eg hadde ein samtale med Arild etter at avtalen gjekk i boks, og han var svært nøgd over at han no får sjansen på dette nivået.
Samtalar med fleire
- Vi er og i samtalar med fleire spelarar som kan vere med og styrke laget vårt. Men det er viktig å sjå heilskapen i stallen, slik at vi får ein fin balanse i laget. Trass alt har vi mange gode spelarar som no har erfaring frå to gode sesongar i 2. divisjon, seier Torstein Kvam.