Hopp til innhold

Pop med øyhopping i dårleg vêr

– Tatt sommaren i betraktning, så har det eigentleg vore ein brukbar sesong.

Anne Marie Gåsvær

NØGDE: Så fort båten legg frå kai i Hardbakke, kastar Anne Marie Gåsvær seg rundt og lagar rørekake til øyhopparane.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Oppsummeringa kjem frå Hans Gåsvær, som i sommar har hatt med seg kring 900 øyhopparar i Solund. Det gir balanse i rekneskapen.

– Vi har sett at det er merkbart fleire utlendingar. Medan nordmenn kanskje vel dei beste dagane, så har utlendingane booka turen på førehand og når dei er i Norge så må dei ha noko å gjere på, seier Gåsvær.

Stas med sjøsprut

Og då er ikkje øyhopping i idylliske Solund det verste å finne på. Sjølv om grå skyer skulle ligge som eit teppe ynskjer turistane å komme tett på folk og landskap på øyane lengst vest i Norge.

Ruta går mellom eit mylder av øyar og tronge sund.

– Det blir ofte vellukka turar. Utlendingane tykkjer det er stas med dårleg vêr og tykkjer det er topp å få sjøspruten på seg, smiler Gåsvær.

Møter dagleglivet

Sjølv om Gåsvær er usikker på kvifor utlendingar i større grad enn nordmenn «hoppar» frå øy til øy, veit han at dei set pris på det dei får oppleve.

Gåsvær tek med seg inntil 28 passasjerar som får personleg guiding og oppfølging under turen. I år har han måtte takke nei til turistar etter sesongen.

– Dei får oppleve dagleglivet til dei som bur her på øyane i Solund, og for utlendingar er slike stader fantastisk eksotisk, seier han.

Ferske rørekaker

Gåsvær trekkjer fram både husmannsplassen Little Færøy og Gåsvær som nokre av høgdepunkta på turen. Med sine gamle flotte bygningar er sistnemnde eit lite paradis inst i eitt av dei tronge sunda.

Her ynskjer syster til Gåsvær, Anne Marie, dei mange øyhopparane velkomne med ferske rørekaker.

– Du får snakke med ganske mykje folk i løpet av sommaren. Dei aller fleste er eigentleg overvelda av heile båtturen og landskapet i området, seier ho og er litt overraska over dei mange turistane ho har teke imot – sjølv om sommarvêret kunne vore betre.