Hopp til innhold

Under ein promille tatt med promille

Sist veke stogga politiet over 3000 køyretøy i promillekontrollar. Av desse var det berre tre førarar som var rusa.

Trafikkontroll i Førde

FÅ MED PROMILLE: 3000 bilførarar kontrollerte, berre tre var rusa.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Midt i julebordsesongen ser Trond Hatlenes, trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, positivt på resultatet.

– Veka blei totalt sett veldig bra. Både lokalpoliti og UP har jobba veldig godt. Totalt vart det kontrollert over 3000 køyretøy, av dei er det tre bilførarar som har blitt stansa med alkohol i blodet.

Ein bilførar hadde over 0,5 i promille, noko som medførte førarkortbeslag, dei andre to hadde litt mindre alkohol. Den eine av dei to måtte stanse og vente inntil han blåste 0,0.

Lar bilen stå

Resultatet denne gongen er oppløftande samanlikna med ein tilsvarande kontroll i vår. Då hadde vi 1400 kontrollerte, der 0,3 prosent av førarane hadde alkohol i blodet. No hadde vi 3069 kontrollerte og 0,09 prosent hadde alkohol i blodet.

– Det er veldig positivt. Når det er sagt er det veldig uheldig at det framleis er folk som køyrer påverka.

– Med tanke på at vi no er midt i julebordsesongen, så hadde ein kanskje forventa fleire med promille?

– Det er veldig oppløftande med tanke på at det er mykje julebord i denne perioden her. At vi ikkje har fleire rusa førarar er veldig positivt.

– Det er veldig viktig og førebyggjande at vi er ute på vegen og viser oss, og at vi syner publikum at vi tek rus på alvor, seier Hatlenes.