For 11 år sidan var det 5 825 gardsbruk i Sogn og Fjordane, ved den siste opptellinga no i september er talet altså under 4000. Det betyr at nærmare 1900 bønder har sagt takk for seg.
Christian Rekkedal hjå Fylkesmannen meiner landbrukspolitikken som er ført dei siste åra, no slår ut i full blomst.
– Dette er ein del av ein landbrukspolitikk som seier at vi skal ha færre og større bruk, seier han.
Strengare minstekrav
Det er strengare krav til produksjonsstønad som er viktigaste årsaka til at bøndene gir seg, trur Rekkedal.
– Det vart innført eit minstekrav til omsetning på gardsbruka for å kunne søke produksjonstilskot, og det førte til at mange bruk rauk ut av statistikken, seier Rekkedal.
– Veldig trist
I Vågsøy kommune har utviklinga vore verst – der har kvar fjerde bonde lagt ned gardsbruka sine dei siste to åra. For ti år sidan var det over 120 bruk i Vågsøy, i dag er det 50 igjen.
– Dette er veldig trist. Landbruket må vera basisen dersom vi skal oppretthalde distrikta. Det seier Jonas Rimstad, som er leiar i Bryggja bondelag. Han fryktar at nedgangen vil halde fram.