Ulven tok flest beitedyr

I 2018 er det registrert 88 kadaver av beitedyr i Sogn og Fjordane. Av dei freda rovdyra er det ulven som herja i ytre Sogn og Sunnfjord som har teke fleste beitedyr. Statistikk frå Statens naturoppsyn syner at talet på drepne dyr har gått ned frå 294 til 88 sidan 2014. Nedgangen kan i stor grad forklarast med systematisk uttak av jerv i perioden.

Ulv på Langedrag.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix