Hopp til innhold

Ulven drap sauen 150 meter frå fjøsen til Trygve

Ein ulv er på ferde att i Hyllestad. Søndag fann Trygve Solaas ein av sauene sine biten til døde, rett i nærleiken av fjøsen.

Trygve Solaas

FORTVILA: Sauebonde Trygve Solaas med eit av lamma sine. Søndag fann han ein eittårig sau drepen av ulv.

Foto: privat

– Det er ganske fortvilande, ein vanskeleg situasjon for oss som står oppi det, seier sauebonden Trygve Solaas.

Det var Firda som først omtalte saka.

Solaas var ute og såg til dyra sine som gjekk på beite berre 150 meter frå garden i Åfjorddalen søndag føremiddag. Då fann han ein eitt år gammal sau liggande blodig og død.

Sau tatt av ulv i Hyllestad
Foto: Sverre Sæten / Statens Naturoppsyn

– Grunn til å vere bekymra

Statens naturoppsyn (SNO) er heilt sikre på at det er ein ulv som har drepe sauen til Solaas.

– Det er tydelege bit i rygg og nakke, noko som er typisk for ulv. Vi er så sikre som vi kan vere, fortel rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf.

Han fryktar ulven vil gjere mykje skade også i sommaren som kjem.

– Det er grunn til å vere litt bekymra. Det var store tap i området i fjor sommar, og når ulven framleis er der, må ein rekne med store skadar.

Rein Arne Golf

SIKKER: Rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf, er heilt sikker på at det var ulv som tok sauen til Trygve Solaas.

Foto: Johan Moen / NRK

– Uverkeleg

I heile landet vekker ulven stor debatt. Fleire tusen demonstrerte i januar både for å skyte meir ulv, og for å la ulven leve.

I Sogn og Fjordane herja ein ulv i fjor sommar i fleire kommunar. Både i Hyllestad, Fjaler, Naustdal og Høyanger vart mange lam drepne.

Og sjølv om ulven også har vore jakta på i vinter, hadde ikkje sauebonden Solaas venta seg besøk.

– Det var uverkeleg, sjølv om vi veit at det var ein ulv på ferde i fjor. Vi hadde vel ikkje tatt innover oss at den kunne kome så nær, seier Solaas.

Kadaveret hadde ikkje lege lenge då han fann det.

– Eg trur det skjedde i løpet av natta eller morgontimane søndag. Det er spesielt å tenke på at det skjedde berre få meter unna, medan vi var i fjøsen og stelte med dei andre dyra, seier Solaas.

Har bede om fellingsløyve

Beitelagsleiaren Høyanger nordside, Ove Sørestrand, fryktar no årets beitesesong. Han har samarbeida tett med beitelaget i Hyllestad.

Ove Sørestrand i Lavikdalen

FRYKTAR ULVEN: Ove Sørestrand, beitelagsleiar i Høyanger, fryktar årets beitesesong.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ein fortvilande situasjon med ein ny beitesesong for døra, så går ein sau rett i kjeften på ein ulv, seier han.

Sørestrand seier dei no sett i gong ekstra tiltak før beitesesongen. Beitelaga har også søkt fylkesmannen om fellingsløyve.

– Vi sett inn ekstra tilsyn, og oppmodar alle til å ha auga med seg og seie ifrå viss dei ser kadaver rundt omkring.

Leiar i rovviltnemnda, Aleksander Øren Heen, har også bede om fellingsløyve.

– Eg synest også det er rett og rimeleg at vi får profesjonell hjelp frå folk som kan å jakte ulv. Det er ei krevjande jakt, og vi har lite erfaring med det, seier Heen.

Skulle vore på beite

Sauebonden Solaas tok straks sauene inn i fjøsen på søndag. Men å ha alle dyra inn, det har han ikkje moglegheit til å lengda. Likevel tek han ikkje sjansen på å ha dei ute om natta.

– Vi er i villreie no, for vi har verken fôr eller plass til å ha alle i fjøsen. Dei skal jo i utmarka og leve av det dei finn der. Vi får prøve å samle opp litt ekstra fôr no, seier han.

Aller helst skulle Solaas hatt sauene sine ute på beite.

– I første omgang tek eg dei ut på dagtid og inn att om kvelden. No veit ulven kor han kan finne sauene, og då vil han kanskje gjere eit nytt forsøk.

SNO er ikkje kjende med at det er fleire enn ein ulv i området, men vil likevel ikkje utelukke at det kan vere fleire.