Hopp til innhold

Alle kan få sjå ulven som vart felt

– Det er viktig at folk får sjå ulven. Det seier leiar for fellingslaget som i går skaut ulven som har teke livet av 160 sauer i Førde og Naustdal.

Ulven i Naustdal

INNBYGGJARANE FÅR SJÅ: Det var Naustdal sau og geit som hadde fellingsløyve på ulven. No lar dei innbyggjarane få sjå ulven som vart felt tysdag.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det vil bli mogeleg å sjå ulven på butikken på Kalland i Naustdal i dag frå klokka 14.

Det seier Stein Mortensbakke som har leia laget som i går felte ulven i Naustdal. Det var etter at det kom sporsnø og observasjonar søndag som leia jaktlaget fram til ulven. Det er i regi av Naustdal Sau og geit at innbyggjarane får sjå ulven.

64 år sidan sist

Det er 64 år sidan sist gong det vart skoten ulv i Sunnfjord.

– Mange er nysgjerrige på korleis ulven ser ut. Det er jo sjeldan ein får sjansen til å sjå eit slikt rovdyr. Og lokal er det mange som er interesserte i å få sjå ulven.

Mortensbakke håpar ulven vil få ein plass i nærleiken på sikt.

Ulven i Naustdal

HISTORISK: Det er 64 år sidan det sist vart felt ein ulv i Sunnfjord.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Vi vil bruke litt tid på å finne ut kvar vi skal ha ulven. Men vi har ikkje tenkt så mykje på det enno. Men det er viktig for jaktlaget at han blir lett tilgjengeleg lokalt.

Stoppar ut ulven

Tanken er å få stoppa ut ulven av ein preparant. Ulven er staten sin eigedom, dei skal ha kroppen på ulven til undersøking i Trondheim. Men jaktlaget vil få tilbake hovudet og skinnet for å kunne stille ut den utstoppa ulven.

Ulven har vore observert fleire stadar i Sunnfjord, også i Hyen. Det har vore snakk om at det kunne vere fleire ulvar i området. Men det tvilar Mortensbakke på.

– Det trur eg ikkje. Men det blir spennande å sjå no om det kjem inn fleire observasjonar.

Han er spent på om det vil komme mange negative reaksjonar på fellinga av ulven.

– Det har komme reaksjonar ja.

Det er gjeve fellingsløyve på to ulvar i region èin, der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er representerte.