NRK Meny

Ulveforlik på Stortinget i dag

Det er semje mellom regjeringspartia, Ap og KrF om bestandsmål og sone for ulv. Det betyr i korte trekk at dagens bestandsmål på tre norske ynglingar blir vidareført, og at ulvesonen blir redusert i omfang slik at heile sona ligg aust for Glomma. Glomma blir med dette ei naturleg barriere for ulven. Dei førebelse tala for ynglingar viser at det er 5–6 heilnorske ynglingar. Det vil no vere opp til dei regionale rovviltnemndene å fatte vedtak om uttak både i og utanfor sona.

Vegopning på Bergum i Førde kommune