Hopp til innhold

Magne Ulvatn fekk 240.000 kroner i sluttpakke: – Pinleg, meiner tidlegare leiar

Magne Ulvatn, som måtte gå av som leiar i samband med ei mobbesak i Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane, har fått ein sluttpakke på 240.000 kroner.

Magne Ulvatn i rettssal 4 i Fjordane tingrett

SLUTTPAKKE: Magne Ulvatn fekk 240.000 kroner i sluttpakke frå Fellesforbundet avdeling 19 i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Dette gjer at Fellesforbundet lokalt og sentralt samla har brukt nær 3,5 millionar kroner på saka.

Styret følte seg tvinga til å vedta sluttpakken, seier Kjell Olav Slotterøy, nyleg avgått leiar i Fellesforbundet avdeling 19.

Kjell Olav Slotterøy

PINLEG: Seier Kjell Olav Slotterøy om sluttpakken.

– For å få ein slutt på ei lang historie som ikkje var tenleg for avdelinga, var vi nøydde å gjere det slik, seier han til NRK.no.

Har måtte gå på sparebluss

Ulvatn måtte gå av som leiar i Fellesforbundet avdeling 19 etter ei arbeidskonflikt med organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig, ei konflikt som hamna i Fjordane tingrett i 2012.

I rettssaka kom det fram at Ulvatn hadde drive med langvarig trakassering av Kirketeig. Retten gav Kirketeig også medhald i at han var usakleg oppsagd.

Partane inngjekk seinare eit forlik som gjorde at dommen ikkje vart rettskraftig. Slotterøy fortel at pengebruken i samband med mobbesaka gjer at avdeling 19 har måtte gå på sparebluss.

– Det seier seg sjølv, seier han.

Vil ikkje kommentere

Ein sluttpakke til Magne Ulvatn utgjer ein del av denne pengebruken.

Denne sluttbakken vart vedteken på eit styremøte i Fellesforbundet avdeling 19 den 6. mars i år.

Dette skjedde etter at Ulvatn fremja krav overfor avdeling 19 fordi han måtte forlate ei deltidsstilling ved kontoret i Førde.

Sluttpakken på 240.000 kroner utgjer ifølgje Slotterøy to årsløner i denne stillinga, som Ulvatn hadde i tillegg til leiarvervet.

NRK har vore i kontakt med Ulvatn i samband med sluttpakken, men han vil ikkje kommentere saka.

– Dette er pinleg

Slotterøy vedgår at enkelte kan sjå på sluttpakken nærast som ei premiering av Ulvatn.

– Ja, eg forstår at det er mange som har det synet, og det er mange som har sagt at dei meiner det er ei premiering, seier han.

Slotterøy vedgår at det kanskje ikkje er så urimeleg at Ulvatn får økonomisk kompensasjon, sidan han fekk sparken. Men meiner det burde halde med seks månadsløner, og ikkje to årsløner, slik resultatet vart.

– Det er pinleg, det er ikkje slik det burde vere, seier han.

Sitjande leiar i Fellesforbundet avdeling 19, Bjørn Kormeseth, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.