Hopp til innhold

Ganske sikker - såg ulv i Jølster

På kveldstur med hunden såg Fredrik Behrens det han meiner var ein ulv. Statens naturoppsyn har gjort sine undersøkingar.

Ulv eller hund

NY ULV PÅ FERDE?: Statens naturoppsyn kan ikkje stadfeste eller avkrefte at ein ulv var på ferde i Jølster. Dette biletet blei teke i Naustdal før jul.

Foto: Ann Elen Endestad

– Eg gjekk ei runde med hunden på kveldstur ved trafostasjonen. Då såg eg over kanten og då såg eg noko rett framfor meg eg meiner var ein ulv, seier Fredrik Behrens.

Det var på ein tur med hunden tysdag kveld at administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, meiner å ha sett ulven i Stakaldefossen i Jølster.

Fredrik Behrens

GANSKE SIKKER: Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, er trygg på sin eigen observasjon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Uroa for hunden

– Eg vart ikkje så redd sjølv for ulv går ikkje på folk, men eg tenkte på hunden min og fekk avleia henne. Så gjekk vi stille derifrå. Eg såg den veldig tydeleg i lyset frå hovudlykta.

I desember vart ein ulv felt i Naustdal – 50 år etter at ein ulv sist vart skoten i Sunnfjord. Det har i ettertid komme fleire melding ar om at det er observert ulv fleire stadar, men utan at dette er stadfesta av Statens naturoppsyn.

Behrens går jamleg tur med hunden, og ser ofte dyr i nattemørket. Men dette synet hadde han ikkje sett før.

– Det var forma på kroppen og auga som var veldig tydlege i lyset. Eg ser ofte hjort så eg meinte å tolke dette rett. Men for å vere trygg fekk eg råd om å kontakte naturoppsynet.

Inga avklaring frå naturoppsynet

I går gjorde Statens naturoppsyn sin mann, Finn Olav Myhren, sine undersøkingar.

– Vi gjekk der observasjonen vart gjort i går. Men det var våt mark og eg fann ingen spor verken inn eller ut av området. Så det er ikkje mogeleg å fastslå om det var ein ulv eller ikkje, seier Myhren.

Behrens seier han kjenner seg likevel trygg på at han verkeleg såg ein ulv.

– Eg har dette bilete på netthinna, så eg kjenner meg trygg på det. Men eg veit jo at ein kan bedømme feil. Men det er ikkje ein stadfesta observasjon, så ein skal ikkje gjere meir av det enn det er.

Han kjem til å vere meir observant i tida framover, og ikkje minst ha hunden i band.

– Eg får leve med opplevinga og tru det sjølv. Det var veldig verkelegheitsnært der og då.