Hopp til innhold

Fekk køyreforbod etter dødsulukke - no køyrer sjåføren buss igjen i Sverige

Sjåføren som køyrde den svenske bussen som var involvert i dødsulukka i Sogndal 12. august, fekk køyreforbod i Norge. I Sverige køyrer han buss igjen.

Busskollisjon i Fardal

TO OMKOM: Ei norsk og ei taiwansk kvinne omkom då dei to bussane kolliderte ved Fardal i Sogndal 12. august.

Foto: Anders Veberg / NRK

Det skriv Bergens Tidende. To kvinner omkom då ein norsk rutebuss og ein svensk turistbuss kolliderte ved Fardal i august. To passasjerar blei hardt skadde og låg på sjukehus i to veker før dei kunne reise heim til Taiwan. I tillegg blei ni personar lettare skadde.

Sjåføren som køyrde den svenske bussen fekk køyreforbod og blei sikta for aktlaus køyring. Politiet meiner han kom delvis over i motgåande køyrefelt.

Mannen beheldt sitt svenske førarkort og har nyleg byrja å køyre buss igjen.

– Svenske myndigheiter har ikkje gjort noko og han har behalde førarkortet sitt her. Eg ser ingen grunn til at han ikkje skal køyre buss i Sverige. Han er ikkje dømd for noko, seier Göran Mellström som er dagleg leiar i busselskapet der mannen jobbar.

Køyrer korte turar i Sverige

Han seier sjåføren har tatt hendinga tungt og at han opplever det som djupt urettvist han er sikta for aktlaus køyring.

– Dette har vore vanskeleg for han. Han er fortvila over at to menneske mista livet. No har han byrja jobbe igjen, men det er berre korte turar, seier han til Bergens Tidende.

Den svenske sjåføren har tidlegare fått bot. I 2011 måtte han betale 8000 kroner etter å ha køyrt for fort og gjort ei farleg forbikøyring på Grotli i Sjåk kommune.

Har bestilt eiga utgreiing

Mellstöm tykkjer det er rart at politiet har trekt bastante konklusjonar kort tid etter ulukka ved Fardal.

– Vi har engasjert eit tysk konsulentselskap for å få ei uavhengig utgreiing.

Lensmann Åge Løseth i Sogndal seier til avisa at det er lite som gjenstår før ulukka er ferdig etterforska. Han vil ikkje kommentere kritikken frå arbeidsgjevaren til svensken.