NRK Meny
Normal

Ulukkesgruppa har vore på ulukkesstaden

MÅLØY (NRK): Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har i dag vore på ulukkesstaden der to ungdommar vart funne omkomne fredag kveld.

Dødsulukke i Selje

UNDERSØKER ULUKKESTADEN: Statens vegvesen si ulukkesgruppe er no i gang med undersøkingar av ulukka som denne veka kravde to unge liv i Nordfjord.

Foto: Inge Skavøypoll / NRK

– Dei har gjort undersøkingar for å sjå vi kan finne årsaka til ulukka, seier politiførstebetjent Øystein Ruud ved regionkontoret til politiet i Nordfjord.

To ungdomar heimehøyrande i Florø vart fredag kveld funne omkomne ved Røyrvikneset i Selje. Det var då sett i gang ein leiteaksjon etter dei to sidan, ingen hadde fått kontakt med dei sidan onsdag

Laurdag vart dei to ungdomane, ein 19 år gamal gut og ei 18 år gamal jente formelt identifiserte. Dei omkomne blir og sende til obduksjon.

Har undersøkt bilen

Øystein Ruud

HAR GJORT AVHØYR: Øystein Ruud er politiførstebetjent ved regionkontoret til politiet i Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

I tillegg til undersøkingar på ulukkesstaden, er også bilen til dei omkomne undersøkt i dag.

– Men førebels kan vi ikkje seie noko om kva som kan vere årsak til ulukka, seier Ruud.

I slutten av nesten veke er det venta at Ulukkesgruppa til Statens vegvesen skal vere klare med sin rapport.

Har avhøyrt venner av dei to omkomne

Ungdomane vart sist sett onsdag, køyrande på fylkesveg 618 mellom Vågsøy og Selje. Etter det politiet har fått opplyst skulle dei vise vegen frå Selje til Måløy for nokre vener. Desse venene har no vore inne til avhøyr.

– Førebels ynskjer eg ikkje å gå inn på kva som har kome fram i avhøyr.

– Korleis jobbar politiet no med saka?

– Vi undersøker no om det er fleire som kan ha sett køyringa, og er interesserte i å kome i kontakt med eventuelle vitne. Elles avventar vi no obduksjonsrapporten og rapporten til ulukkesgruppa til Statens vesen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast