Hopp til innhold

Ulukkesbilen mista bremsene

Det var den 54 år gamle Gudmund Joar Hilde frå Innvik som i natt omkom i arbeidsulukka i Jølster.

Kjøsnesfjorden Kraftverk

Det var i krafttunnelen ved Lunde i Kjøsnesfjorden ulukka skjedde natt til tysdag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hilde var busett i Innvik i Stryn, og arbeidde i firmaet Tunnelservice.

Mista bremsene

Politiet meiner å vere sikre på at det var bremsesvikt som er årsak til dødsulukka som skjedde i 02-tida natt til tysdag . Lastebilen han førde hamna i fjellveggen kring tre kilometer inne i anleggstunnelen til Kjøsnesfjorden Kraftverk på Lunde.

- Han gav beskjed til ein kollega om at han hadde problem med bremsene over det interne sambandsutstyret, opplyser operasjonsleiaren ved politisentralen i Florø.

Kraftig helling

Ulukkesbilen køyrde i følgje med ein annan på veg nedover tunnelen med masse frå utbygginga. Undervegs skal ulukkesbilen ha mista bremsene og trilla to-tre kilometer inne i tunnelen, før den gjekk i fjellveggen i ein sving.

På ulukkesstaden er det ei helling på kring 15 prosent.