Til sjukehus etter forbikøyring

Ein mannleg MC-førar blei alvorleg skadd i ei ulukke på rv. 15 over Strynefjellet.

Strynefjellet

STRYNEFJELLET: Ulukka har skjedd mellom Bismo og Grotli i Oppland.

Foto: SKJERMDUMP

MC-føraren mista kontrollen under ei forbikøyring og køyrde ut av vegen. Politiet melder at føraren er frakta til sjukehus i Trondheim med luftambulanse.

Rv. 15 over Strynefjellet var heilt stengt ved Billingsdalen mellom Bismo og Grotli i Oppland etter ulukka. Vegen er no delvis open, opplyser politiet.

– Vegen har dårleg standard. Enkelte stadar er vegen smalare enn seks meter. Dette er ein trafikkfarleg strekning, seier politioverbetjent Johnny Gundersen.

Dette er den andre alvorlege ulukka i området på to dagar. Onsdag ettermiddag blei to kvinner kritisk skadde etter ein frontkollisjon litt lenger aust. Totalt åtte personar blei skadde i ulukka.

Politiet har tidlegare slått alarm om ulukkesvegen.

– Dette er ein ulykkesbelasta veg der vi har sett mange dødsulukker tidlegare, seier politibetjent Roger Haugen i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt.

Laster Twitter-innhold