Hopp til innhold

Ulukka vil koste over 50 millionar

Det vil koste fylkeskommunen 38,4 millionar å reparere og utbetre Skatestraumtunnelen etter tunneleksplosjonen.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

STORE SKADER: Det er store øydeleggingar i Skatestraumtunnelen etter brannen og eksplosjonen 15. juli.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Reparasjonane er stipulert til 35,1 millionar kroner, medan utbetringane vil koste 3,3 millionar kroner.

I tillegg kjem ein kostnad på 16 millionar kroner knytt til mellombels ferje på sambandet Smørhamn–Kjelkenes i perioden tunnelen er stengd.

Basert på erfaring

15. juli miste eit vogntog hengaren inne i Skatestraumtunnelen. Hengaren med 16 500 liter bensin small i fjellveggen og etter kort tid utvikla det seg ein brann, og det var fleire eksplosjonar i samband med brannen.

Fylkesvaraordførar, Jenny Følling (Sp), seier ho ikkje skjønar korleis fylkeskommunen skal greie å dekke desse kostnadane.

– Vi har sett av nokre få midlar på skadefond, men det er ikkje i nærleiken av å dekke så høge kostnadar. Det vil kunne gå ut over drifta av dei vidaregåande skulane, kultur, tannhelsetenesta – alle dei andre vanlege driftsoppgåvene våre, seier ho.

Statens vegvesen har skrive den foreløpige rapport til fylkeskommunen om arbeidet som må utførast i tunnelen.

– Eg trur dette skal vere eit godt gjennomarbeidd kostnadsoverslag, slik at eg trur ikkje det blir store sprik i den eine eller andre retninga, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Sven Finden.

Trengst omfattande reparasjonar

Men Finden understrekar at det er noko uvisse knytt til tala, men at kostnadsoverslaget er basert på erfaringstal.

– Mykje av det arbeidet som må gjerast her er nesten som på ein ny tunnel. Vi bygge den opp att frå grunnen av, så ein kjenne til kostnadsnivået, seier han.

Før tunnelen kan opne for trafikk er det naudsynt med omfattande reparasjonar på blant anna elektriske installasjonar, dekke og drensystem. I tillegg må ein reinske og sikre fjellet og installere lys, ventilasjon og naudskap.

– Skadane er svært omfattande. Det har vore ein eksplosiv og kraftig brann. Frå Hamnen-sida og 500 meter i tunnelen så må ein eigentleg reinska ut alt i tunnelen. Alt i taket, sidene og også ein del av dekke, i tillegg til alt det elektriske, mogleg også dreneringssystemet. Det er mykje som må skiftast ut, seier Finden.

Regionvegsjef, Helge Eidsnes har tidlegare uttalt til NRK at Skatestraumtunnelen kjem til å vere stengd ut 2015.

Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen.

SJÅ VIDEO: Video filma av røykdykkarar då dei var inne i Skatestraumtunnelen etter ulukka.