Hopp til innhold

Ulukka vekkjer sterke minner

14. oktober 1996 er ein dato førdekvinna Aud Viken seint vil gløyme. Måndag kveld vart ho endå ein gong påminna om helikopterulukka som kravde sonen sitt liv.

Ulykkesstedet i Hardanger

BLIR PÅMINNA: Nyhenda måndag og bileta tysdag frå ulukkesstaden i Ullensvang, vekkjer sterke minner hos Aud Viken. Ho mista sonen sin i den første alvorlege ulukka med ei Airlift-maskin.

Foto: Jan Kåre Ness / Scanpix

Fem personar omkom i helikopterulukka ved Dalamot i Hardanger. For Aud Viken vart det ei ny påminning om den første dødsulukka med eit Airlift-helikopter.

– Ein blir jo minna på ulukka i Vevring, der sonen min var med. Alle slike ulukker minner meg om ulukka, seier ho.

Fire omkomne

Ambulansehelikopteret frå Gaular-verksemda havarerte etter å ha treft eit umerka fjordspenn over Førdefjorden. Helikopteret trefte leidningane då dei i mørkret skulle lande for å hente ein pasient.

Aud Viken

PÅMINNING: Aud Viken mista sonen sin i den første dødsulukka med ei Airlift-maskin.

Foto: NRK

Alle dei fire personane om bord omkom i ulukka. Viken meiner dei aller fleste har vanskar med å førestelle seg korleis dei etterlatne etter ulukka i Ullensvang har det.

– I denne situasjonen, som i mange andre situasjonar, så trur ein nok at ein kanskje kan innstille seg på ting. Men eg trur det kanskje er noko i det gamle ordtaket «ein veit best kvar skoen trykker som har den på», seier Viken.

Gjekk mange, mange år

– Eg hadde i alle fall aldri klart å førestelt meg mine reaksjonar, og måte å tenkje på før ulukka. Det var eit veldig stort sjokk og det tok veldig mange år før ein følte at ein var noko særleg glad att. Ein smilte, men ein var ikkje veldig glad på mange år, seier ho.

Alle dei omkomne i Ullensvang var i familie med kvarandre. Den erfarne Airlift-piloten inkludert.

– Det som er utfordrande når ein står i ei slik djup sorg, er å klare å ta imot noko. Eg tykte det var ei veldig stor barriere å vere saman med folk og å reise til Vevring for å sjå på ulukkesstaden. Det er ting ein skal igjennom som fagfolk seier er fornuftig, men akkurat der og då kjennest det ikkje slik, fortel Viken.

Må leve med saknet

Saknet etter sonen hennar vil Viken aldri komme over. Men ho har lært seg å leve med det.

– Han var 22 år og skulle ut i livet. Saknet er der og situasjonen er ein annan, men du lærer deg å leve ut frå kvardagen du er i. Det har eg måtte gjort, og det har veldig mange med meg måtte gjort som har opplevd ulukker og naturkatastrofar, seier ho og kjenner seg trygg på at dei pårørande etter ulukka i Hardanger blir godt ivaretekne.

Godt at nokon bryr seg

Dei fem omkomne var frå fem kommunar i tre grender. I Kinsarvik, Eidfjord og Ullensvang Herad er det oppretta kriseteam for dei pårørande.

Ulukka i Hardanger er truleg den mest alvorlege på fastlands-Norge.

– Det er uansett veldig bra at nokon bryr seg og eg tykkjer folk er blitt mykje flinkare til å bry seg i slike situasjonar. Det er veldig positivt. Sjølv om ein i sorga ikkje gir uttrykk for at det er godt at folk bryr seg, så gjer ein det inst inne, meiner Viken.

(Artikkelen held fram under videoen frå 330-skvadronen)

Video Helikopterulukka i Ullensvang

SJÅ: 330-skvadronen sin video frå ulukkesstaden i Ullensvang.

13 omkomne på 15 år

Ulukka måndag er den niande som råkar Airlift sidan 1996. Det er den femte der det har gått liv. Totalt har 13 personar omkome i ulukker med Airlift-helikopter.

Ulukkesårsaka i Ullensvang er førebels uviss. Som følgje av ulukka set Airlift alle sine helikopter på bakken i dag.

– No er Airlift eit høvesvis stort selskap, men det er klart at det ikkje er godt for eit selskap å bli knytt mot mange ulukker. Då er det viktig at ein då kan dokumentere at dei rette tryggleikstiltaka er sett i verk. At det ikkje er tryggleiksmessige tiltak som har svikta, seier ho.