Hopp til innhold

Ulukka på E16 har fellestrekk med massekollisjon

Eit lokalt vêrfenomen kan vere årsaka til den spegelglatte vegbana i Lærdalsdalen natt til i går. I 2016 krasja 60 bilar i Bergen på liknande føreforhold.

Trafikkulukke i Lærdal

KOLLISJON: Eit lokalt vêrfenomen kan vere årsak til at E16 gjennom Lærdalsdalen vart frykteleg glatt natt til fredag. To personar vart skadde i samanstøyten mellom fleire vogntog og ein varebil.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Statens havarikommisjon for transport vart i går varsla om kollisjonen mellom fire lastebilar og ein varebil på E16 i Lærdalsdalen natt til i går.

Ein mann i 40-åra vart hardt skadd, medan ein mann i 20-åra vart moderat skadd i ulukka.

– Vi er i gang med å hente inn informasjon frå både politi og Statens vegvesen om hendinga og vegforhold. I løpet av eit par veker veit vi om vi vil undersøkje ulukka, seier avdelingsdirektør i havarikommisjonen, Rolf Mellum.

Vegen var salta

Finden

GLATT: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at det ikkje er noko som tyder på at E16 skulle vere glatt natt til fredag. – Men vi veit at det kan vere svært lokale vêrendringar, seier han.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Vegen vart salta kvelden før ulukka, men vegen var likevel spegelglatt då fire vogntog og ein varebil krasja. Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier staden ikkje er spesielt kjend for å plutseleg bli glatt.

Eit lokalt vêrfenomen kan likevel vere årsaka til den glatte vegbana.

– Det er som ein kulde slår igjennom skydekket og innanfor eit par hundre meter slår ned og gjer vegen glatt. Slikt kan skje fort og mellom passeringane til saltebilen, seier Finden.

60 bilar ved Åsane

Liknande skjedde også på E39 i Bergen for to år sidan. Av 60 bilar involvert i ein over 200 meter lang kjedekollisjon , fekk 45 køyretøy skader. Ti personar vart lettare skadde.

Kjedekollisjon på E39 i Eidsvåg

KJEDEKOLLISJON: Ti personar vart lettare skadde då 60 bilar var involverte i ein over 200 meter lang kjedekollisjon ved Eidsvåg i Bergen.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Også her var det salta før ulukka, men Statens havarikommisjon meiner vêr og veg var utløysande faktor for kjedekollisjon. Ulukka skjedde som følgje av rask isdanning.

Kommisjonen såg både på asfaltdekke, strøing og vêret, utan å fremje råd om tryggleikstiltak knytt til drift av vintervegar.

Mellum stadfestar ovanfor NRK at det kan vere aktuelt å sjå etter likskapar mellom dei to ulukkene.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

VURDERER: Havarikommisjonen er i gang med å samle inn informasjon om ulukka. Dei veit førebels ikkje om dei opnar undersøking. – Vi gjer fortløpande vurderingar etter kvart som vi får eit utfyllande bilete på situasjon, seier han.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– I kva grad det er fellestrekk er noko vi kan vurdere. Dersom det er det, så kan det vere at vi kan knyte dei saman, seier avdelingsdirektøren.

Vurderer undersøking

E16, som er ei av hovudfartsårene mellom aust og vest, var stengd i fleire timar etter ulukka. Sjefen for tre av vogntogsjåførane som var involvert i ulukka, meiner at det var eit under at ingen liv gjekk tapte. Ulukka førte til store materielle skader.

Havarikommisjonen vil no vurdere å opne undersøking.

– Først må vi vite om det er openberre avvik på til dømes vegstandard eller fartsnivå. Det førande for oss er om det er læringspunkt som kan forbetre tryggleiken, seier Mellum.

Politiet har førebels ikkje snakka med dei to skadde førarane og vil halde fram med avhøyr av dei involverte over helga.