Hopp til innhold

Ulukka legg ein dempar på stemninga

Andrine Mårstøl (Haugen) tok sin 13. siger for sesongen på Jølster, men den alvorlege ulukka fredag kveld legg ein dempar på gleda.

Andrine Mårstøl

PREGA: Andrine Mårstøl gledde seg over sin 13. FIS-siger for sesongen, men vedgår at mykje av tankane går til venene som var involverte i ei alvorleg trafikkulukke på veg til Jølster skisenter.

Foto: Ingrid Narum

– Det er i tankane. Veldig mange snakkar om ulukka og er nyfikne på kva som skjedde. Det er uråd å ikkje tenkje på det, seier 19-åringen etter å ha køyrt inn til nok ein siger under FIS-renna på Jølster.

Åtte sende til sjukehus

Mårstøl var nummer tre etter første omgang, men slo til slutt Ylva Tone Falksete (Oppdal) med 26 hundredelar.

Både før og etter rennet gjekk det meste av tankane til dei fem alpinistane og ein trenar frå NTG Lillehammer som var involverte i ulukka i Gloppen fredag. Mårstøl sjølv trenar saman med fleire av elevane på skulen.

Ein personbil fekk sladd og krasja med to møtande bilar.

I alt ti personar var involverte. Av desse vart åtte personar sende til sjukehus og ein til legevakt. Ein person vart alvorleg skadd.

– Det kunne gått så mykje verre. Heldigvis ser det ut til å gå bra med alle, seier Mårstøl.

– Merkar de det på stemninga i bakken at det skjedde ei alvorleg ulukke i går?

– Folk får med seg at det har skjedd, og det er i tankane til dei fleste, seier ho.

– Gruppa er skremde

Halvor Persson er assisterande sportssjef i NTG Lillehammer. Han fortel at ulukka pregar heile gruppa frå skigymnaset. Dei reiste til Jølster med 12–13 utøvarar.

– Dei er skremde, men glade for at det gjekk bra med alle, seier han og fortel at alle dei fem som var involverte i ulukka stod over renna laurdag.

– I ein slik situasjon blir renna sekundært. Vi vil sjå det an om vi sender den involverte gruppa heim att, seier han.

Ein av alpinistane var natta over til observasjon på sjukehuset. Vedkommande blir truleg skriven ut i dag. Persson seier dei har rutinar for å handtere slike hendingar.

Gruppa som var involvert i ulukka vil bli følgde opp av personell også når dei kjem tilbake til Lillehammer.

– Vi er sjeleglade for at det har gått bra med alle saman, og vil bruke profesjonelle og tida til hjelp så vi får dei på beina att, seier han.