NRK Meny
Normal

Ulrik satsar på 2012-reprise

Ei perle frå Ulrik Flo sikra Sogndal eit viktig poeng mot Sarpsborg 08. No siktar stryningen mot eit tosifra tal skåringar, slik han gjorde for i 2012-sesongen.

Ulrik Flo sikra Sogndal sitt første poeng i årets Tippeliga med ei praktscoring.

IRONISK: Berre minuttar etter at spissen Ulrik Flo blei flytta ned på midtbana, kom kanonskåringa som fekk sogndalskuta på rett kjøl etter havariet på Nadderud stadion førre helg.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det var ei skåring Flo-klanen verdig. Ein susar frå 20 meter strauk forbi nevane til Sarpsborg-keeper Duwayne Kerr og opp i høgre hjørne. Då hadde det gått 54 minuttar sidan sarpsborgving Franck Dja Djedje sjokkerte dei 2511 frammøtte på Fosshaugane Campus med å gi sarpingane 0–1 etter knappe 60 sekund, og det hadde gått berre tre minuttar sidan Ulrik Flo blei flytta ned frå spiss til sentral midtbane.

– At skåringa kom akkurat då, var litt ironisk, men godt var det uansett. Å koma frå djupet og kunna angripa ballen kan vera min ting, flirer Flo, som forsikrar at han framleis siktar seg inn på spissplassen.

Kristian Fardal Opseth etter kampen mellom Sogndal og Sarpsborg 08. Reporter: Inge Kjell Holme - foto: Arne Stubhaug

Satsar på tosifra

Flo imponerte i 2012-sesongen med ti skåringar. Stryningen hadde difor store ambisjonar føre fjorårssesongen. To nettkjenningar blei ein nedtur for spissen. Etter perla i kveld satsar han på reprise på 2012-sesongen.

– Eg vil ikkje setja for høge mål, slik eg gjorde i fjor. Då eg gjekk jo på ein skåringssmell, men samstundes skal eg ikkje vera for spak heller, så eg seier at eg skal prøva å koma opp att på eit tosifra tal skåringar i år, seier Flo.

Viktig poeng

Etter ein trasig start på sesongen med 3-0-tap mot nyopprykka Stabæk, var poenget heime mot Sarpsborg 08 viktig å få med seg.

Azar Karadas vart skadd under kampen mot Sarpsborg.

PÅ SJUKEHUS: Forsvarskjempe Azar Karadas vart send til sjukehus etter ein kraftig smell i andre omgang. Kor tid han kan spele igjen er uklart.

Foto: Arne Stubhaug

– Hadde ikkje me fått med oss poeng i kveld, hadde det blitt endå tyngre å motivera seg fram mot neste kamp. No fekk meg vist at me kan. Mahatma (Otoo) og Kristian (Fardal Opseth) var nære på å skåra, men hadde ikkje marginane, seier Flo.

Ulrik Flo skåra målet for Sogndal. Reporter Inge Kjell Holme, foto: Arne Stubhaug

Furubotn-kloning

Flo kunne i det same andedraget òg ha nemnt terrieren Petter Strand, som igjen viste seg fram som ein gryande klassespelar på midtbana. Etter mange gode bidrag offensivt og to sjansar som kunne ha enda i nota vel Henrik Furubotn-kloninga sjølv å skildra sin eigen innsats på nøkternt vis:

– Eg følte det gjekk greitt og håpar eg kan vera den kreative spelaren som Sogndal kanskje kan trengja i år, seier 19-åringen frå Tertnes, som spelte tredjedivisjonsfotball i fjor.

Karadas til sjukehus

Den store uroa i sogndalsleiren etter poengdelinga på Fosshaugane Campus, var at forsvarsspelarane Azar Karadas og Eirik Skaasheim måtte ut med skadar.

Den store uroa i sogndalsleiren etter poengdelinga på Fosshaugane Campus, var at forsvarsspelarane Azar Karadas og Eirik Skaasheim måtte ut med skadar.

– Diverre fekk Skaasheim ein strekk rett før pause og Karadas ein kjempesmell i andletet tidleg i den andre omgangen. Han er no sendt til Førde sentralsjukehus for å sjekka helsetilstanden, seier Sogndals-trenar Jonas Olsson som måtte gjera store rokeringar etter kvart som forsvarsspelarane måtte hinka av bana.

Skaasheim blir truleg ikkje klar til kampen mot Bodø-Glimt komande helg. Karadas er skada i auga, nasen og kinnet, og det er uvisst når han kan vera klar att. Frå før er midtstopparane Bjørn Inge Utvik og Hannu Patronen ute med skadar. Det skapar hovudbry for Olsson før bortekampen i Bodø.

– Me har ikkje mange forsvarsspelarar att. Slik er fotballen, men diverre kom alle skadane på same tid. Ei løysing kan bli å spela med Gustav Valsvik og Taijo Teniste som midtstopparar, og Ruben Holsæter som back, slik me gjorde i den andre omgangen i dag. No har me ei veke til å sleikja såra, så skal me prøva ta poeng i Bodø, seier Olsson.

Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen mot Sarpsborg 08. Reporter: Inge Kjell Holme - foto: Arne Stubhaug