NRK Meny

Ulrik Flo kan bli dansk spelar

Ulrik Flo skal vere på veg til den danske fotballklubben Silkeborg, skriv Midtjyllands Avis. Silkeborg spelar i den nest høgaste divisjonen i Danmark. Avisa skriv at ei kronerulling blant folk i byen skal vere med på å skaffe pengar til kjøpet av Flo. Ulrik Flo gjekk etter mange sesongar i Sogndal i fjor til Odd, men fekk ikkje forlenga kontrakt der.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen