Hopp til innhold

Ulrik Flo einig med Odd om ein overgang

Odd ønskjer å hente kraftspissen Ulrik Flo, men meiner prisen Sogndal ber om er for høg.

Ulrik Flo

PÅ VEG VEKK?: Odd og Sogndal forhandlar no om overgangssummen for Ulrik Flo.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var Telemarksavisa som var først ute med nyheita. Dei skriv at skiensklubben tidleg vart einig med spelaren, men at det no går føre seg forhandlingar om overgangssummen.

– Avstanden er ikkje større enn at det bør late seg gjere å komme til einigheit, seier dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal til avisa Varden.

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo seier til den same avisa at ein overgang ikkje er langt unna. Uansett vil forhandlingane berre kunne vare til tysdag, då overgangsvindauget stengjer.

– Eg har ein spelar eg er einig med og som vil til Odd. Førebels er prisen for høg, men eg kan seie så mykje at spelaren er så god at han går rett inn på laget, sa Odd-trenaren Dag-Eilev Fagermo til avisa fredag.

Ordknapp Mundal

Når NRK snakkar med Egil B Mundal sundag er han forholdsvis ordknapp om fohandlingane.

Egil Mundal (t.h.)

HELD KORTA TETT TIL BRYSTET: Egil B Mundal er dagleg leiar for Sogndal Fotball

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er slikt som vi ikkje kommenterer før det er over, men Ulrik har vore hjå oss i ni år og har utgåande kontrakt så når han har lyst å ta denne sjansen så skal vi vere med å prøve å få det til på skikkeleg vis, seier Mundal.

– Kor stor er avstanden mellom det Odd vil betale og det som de ynskjer å få for Ulrik Flo?

– Som sagt så kommenterer vi ikkje denne type forhandlingar før dei er over.

– Kva vil det bety for Sogndal å miste ein nøkkelspelar som Ulrik Flo, no når de kjempar om opprykk?

– Ulrik sin situasjon har vi vore kjende med. Han har vore her i ni år og vore ein stor profil og ein lojal spelar. Dette er ein del av fotballen og det må vi leve med, og når nokon reiser kjem det alltid nye fram, seier Mundal.