NRK Meny
Normal

Ulrik (82) fryktar meir taretråling

BREMANGER (NRK): Etter eit heilt liv som fiskar fryktar Ulrik Bakke for at nye forskrifter skal opne opp for meir taretråling.

Ulrik Bakke

MINDRE HAUSTING AV TARE: Ulrik Bakke ønskjer mindre hausting av tare i områda kring Bremanger.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er dødt hav, og så vidt du får fisk til katten. Det finst ikkje meir, fortel Ulrik Bakke.

I sine over 70 år som fiskar har Bakke levd av havet. Fangsten er ikkje sånn som den ein gong var.

– Taretrålinga må nok ta sin del av skulda. Eg merkar det spesielt om hausten når eg driv med hummar. Det har minka år for år, meiner Bakke.

Saman med fleire fiskarar i Bremanger fryktar Bakke for ny forskrift for tarehausting i Sogn og Fjordane. Det dei fryktar mest er ei opning for hausting av område i fjorden Bremangerpollen i Bremanger kommune.

– Tareskogen er vekk. Den dannar grunnlaget for alt liv i havet. Det er mindre taretråling vi skal ha og ikkje meir, meiner Mindor Grotle.

Bremangerpollen

STORE VERDIAR: I Bremangerpollen er det store verdiar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Haustar 20 000 tonn tare

Selskapet FMC Biopolymer har hausta tare i Bremanger sidan midten av 1980-talet, og står for storparten av tarehaustinga elles i Noreg. I Sogn og Fjordane haustar dei årleg 20 000 tonn tare. Særleg Bremangerpollen er eit viktig område for tarenæringa.

– Bremangerpollen er det viktigaste haustingsområdet for stortare i Sogn og Fjordane. Der har det årleg vore tatt ut relativt store kvantum, utan at vi har sett dokumentasjon på at dette har skadelege effektar, fortel råvaresjef i FMC Biopolymer, Ole Damm Kvilhaug.

tare

TRENG MEIR AV DETTE: FMC Biopolymer treng meir tare for å møte høg etterspørsel.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Av taren utvinn selskapet agligat som vert seld til legemiddelfirma, men no treng FMC Biopolymer meir tare.

– Vi utseld for produkta våre. Difor ønskjer vi å få tilgang på mest mogleg stortare for å sikre produksjonen, fortel Damm Kvilhaug.

Ny tareforskrift

FMC Biopolymer vil opne opp for meir hausting i Bremangerpollen.

– Ein prøvde å finne ut av det fagleg grunnlaget ved førre revisjon for å halde delar av Bremangerpollen stengd. Det fanst ikkje gode faglege argument bak stenginga, meiner Damm Kvilhaug.

Marius Strømmen, Havfront

VIL UTVIDE: Varaordførar i Bremanger kommune, Marius Strømmen, ønskjer ei større fredingsgrense i Bremangerpollen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bremanger kommune vil på si side verne større delar av den ettertrakta fjorden enn kva som blir gjort i dag.

– Vi vil ikkje utvide området for taretråling. Det er galskap om ein let tarenæringa styre. Vi sit att med ein urskog og dei tek verdiane vekk frå Bremanger, meiner varaordførar i Bremanger kommune, Marius Strømmen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune leia arbeidsgruppa som føreslo ei ny inndeling av haustingsfelt i fylket, samt at ein skulle opne opp for taretråling i nokre stengde område. Fylkesmannen var representert av fylkesmiljøvernsjefen i arbeidsgruppa, men valde å trekke seg.

– Det var einsidig favorisering av tarenæringa, utan omsyn til interesser knytt til sjøfugl, fisk og lokal motstand mot taretråling, meiner fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Etter ei høyringsrunde føreslår Sogn og Fjordane fylkeskommune at ein beheld dagens ni fugleområde som er stengd, samt vidarefører det stengde området i Bremangerpollen. Fiskeridirektoratet skal fastsetje ei endeleg forskrift.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.