Det er Briksdal Breføring som har sett opp konstruksjonen utan å søkje om løyve, og dagleg leiar Frode Briksdal håpar inderleg at tårnet får stå.
Søkte ikkje om løyve
Men Briksdal Breføring søkte ikkje kommunen om løyve til å setje opp konstruksjonen. Det stadfestar seksjonsleiar i Stryn kommune, Kolbjørn Nilsen. Den 13 meter høge konstruksjonen var nærast ferdig då kommunen vart merksam på bygginga. Briksdal Breføring har respektert vedtaket frå kommunen om byggjestans.
Teken i bruk
Klatreinstallasjonen er sett opp inntil Briksdalen Fjellstove og er alt teken i bruk til ulike klatre- og rappeleringsaktivitetar.