Ulovleg innkreving av bompengar

Bompenge-innkrevinga på E39 over Lavik-Oppedal er ulovleg og må stoppast. Det sler ESA fast.

Lavik ferjekai
Foto: Stian Sjursen / NRK

ESA, som er kontrollorganet til EFTA, meiner problemet er at fleire enn dei som køyrer den nye Bogstunnelen på E39 mellom Lavik og Vadheim må betale.

Nesten alle køyrer tunnelen

Ein ferjebillett på Lavik-Oppedal kostar 87 kroner for ein personbil. 22 kroner av denne summen er bompengar som er med på å betale for den nye Bogstunnelen på E39 rett vest for Vadheim. Bompengane vert kravde inn av billettørane på ferja.

Ifølgje samferdsledepartementet køyrer 95 prosent av alle som tek ferja gjennom denne tunnelen. Men ESA meiner det likevel er feil å late alle billistane betale.

- Mindre bompengar

- Dette kan bety at norske styresmakter må legge om vegfinansieringa og la meir av kostnadane gå over statsbudsjettet, seier professor i Europarett ved Universitetet i Oslo, Ola Mestad, til TV 2.

Samferdsledepartementet har frist til 15. september med å svare på konklusjonen frå ESA. Før den tid vil dei ikkje kommentere saka.

- Pendlarane tapar

- Pendlarane blir dei store taparane dersom det blir ulovleg å kreve inn bompengar på ferjene mellom Oppedal og Lavik, seier styreleiar i Høyanger og Gulen bompengeselskap, Ingrid Heggø.

Ho seier konsekvensane blir store dersom dei ikkje får krevje inn pengar på denne måten.

- I utgangspunktet skal tunnelen vere nedbetalt i 2012, men dersom det må setjast opp ein bemanna bomstasjon kan det ta endå fleire år før tunnelen er nedbetalt. Det betyr store utgifter for pendlarane, peikar Heggø på.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.