Hopp til innhold

Ukrainarar i Norge fryktar russisk invasjon av heimlandet i løpet av mai

Ukrainarar i Norge er redde for at Russland skal invadera heimlandet i løpet av kort tid. Pro-russiske separatistar har dei siste dagane tek kontroll over stadig fleire rådhus og tv-stasjonar i søraust Ukraina.

Konstantyn Koval

ER REDD FOR FAMILIE OG VENNER: Dataingeniør Konstantyn Koval bur i Sogndal. Han er skremt over uroa i heimlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ein av dei nesten 3000 ukrainarane i Norge bur i Sogndal. Dataingeniør Konstantyn Koval er skremt av uroa i heimlandet.

– Det blir som ein krig. Det er ikkje som det vanlege Ukraina. Eg tykkjer det er vanskeleg, seier han.

– Ikkje som det vanlege Ukraina

På Internett ser Konstantyn Koval bilete frå heimbyen som han nesten ikkje trur kan vera sanne. Demonstrantar med ukrainske og russiske flagg barkar dagleg saman. Eitt år etter at den 25 år gamle dataingeniøren flytta frå fredelege Kharkiv til programerarjobb i Sogndal, er også denne nest største byen i Ukraina blitt hærsett av maskerte menn væpna med kalasjnikovar.

– Eg brukar Facebook til å sjå på nyheiter og så brukar eg andre nettsider for å halde meg oppdatert, seier han.

Redde dei skal bruke uroa som eit påskot

Pro-russiske separatistar har den siste tida teke kontroll over stadig fleire rådhus og tv-stasjonar søraust i Ukraina. Nataliya Ravn-Christensen i Den ukrainske foreininga i Norge seier at mange ukrainarar her i landet er redde for at Russland skal bruka uroa som eit påskot til å invadera heimlandet.

– Eg er dessverre det. Hadde du spurt for fem månader sidan hadde eg sagt 100 prosent nei. Men med det som har skjedd og held fram med å skje, er risikoen der, seier ho.

Store russiske troppestyrkar står no klare ved den ukrainske grensa. Ravn-Christensen, som var med på å starta opp Den ukrainske foreininga i Norge for ti år sidan, trur ikkje russarane rusar tanksane sine for ingenting.

– Vi må vere realistiske. Kvifor står det mellom 50.000 og 80.000 russiske soldatar ved den ukrainske grensa? Krigen vil vere tapt veldig fort om Russland går til angrep, det veit alle. Men folk håpar at Russland ikkje går til angrep, men om det skjer, så vil det vere uheldig for Ukraina, seier ho.

Viss Russland skulle bestemma seg for å hærta nabolandet, kan det skje før valet i Ukraina 25. mai, seier Ravn-Christensen.

– Om noko skjer, kan det skje 9. mai, datoen då andre verdskrig var slutt, eller før valet. Men vi håpar det ikkje skjer, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Voldelige demonstrasjoner i Kharkiv

URO I UKRAINA: Det har vore valdelege demonstrasjonar i Kharkiv,

Foto: Olga Ivashchenko / Ap

Vanskeleg å sjå at familien har det vanskeleg

Denne veka greip uroa i Konstantyn Koval sin heimby også inn i norske nyheitssendingar. Borgarmeisteren i Kharkiv blei skoten i ryggen og fekk alvorlege skader medan han var ute på ein sykkeltur. Med drapsforsøket rykka realitetane i heimbyen på nytt nærare Koval. Frå kontorstolen sin i ei databedrift i Sogndal, er han redd for familien i Ukraina.

– Eg føler meg dårleg fordi eg ikkje kan hjelpe. Det er vanskeleg å sjå at familien min og vennene mine som bur der har det så vanskeleg, seier han.

– Korleis har dei det akkurat no?

– Dei prøver å vere rolege og ikkje protestere. Men det er mange som er døde, og dei eg kjenner er redde. Går du enkelte stader kan du bli skadd, så dei er på jobb eller heime.

Den unge dataingeniøren håpar Ukraina gjer som han og vender seg mot Europa. Skulle heimlandet bli splitta i to, ville det vera ei ulukke for to broderfolk, meiner han.

– Folk har ikkje lyst å dele seg. Mange som bur i Russland seier dei ikkje forstår kva som skjer. Folk i Ukraina og Russland likar kvarandre, seier han.

Ukraina