Hopp til innhold

Ukjend kva brannen vil koste

Det er enno ikkje fastsett noko sum på kva skadane etter brannen i Handelshuset i Førde vil koste. Senterleiar Mariann Njøsen seier dei er nøydde til å starte rivinga før dei kan sjå kor omfattande skadane faktisk er. Nille og Kappahl må selje ut alle varer før oppryddingsarbeidet kan starte. Sparebanken Vest har mellombels flytta over til det andre bygget til Handelshuset grunna røyklukt. Når det gjeld brannårsaka vil politiet framleis ikkje seie noko.