Hopp til innhold

UiB skrinlegg eit storuniversitet på Vestlandet

Ei storsamanslåing på Vestlandet er uaktuelt på kort sikt, seier rektoren ved Universitet i Bergen. I dag kjem ein fusjonsivrig kunnskapsminister til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dag Rune Olsen

SEIER NEI: Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, seier nei til eit storuniversitet på Vestlandet.

Foto: UiB

– Eit vestlandsuniversitet på kort sikt ser eg ikkje føre meg.

Det seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UiB) etter samtalane han har hatt med kollegaene sine ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Bergen (HiB) dei siste par vekene.

Gamal kongstanke

Heidi- Kathrin Osland

STYRELEIAR HiSF: Heidi Kathrin Osland.

Foto: Vidar Gudvangen

Det var HiSF-styreleiar Heidi Kathrin Osland som for to veker sidan kosta støvet av den gamle kongstanken om eit storuniversitet på Vestlandet, med UiB i spissen.

Bakgrunnen for utspelet var at regjeringa pressar på for å slå dei små høgskulane saman til større einingar og difor ikkje vil godta at HiSF blir verande sjølvstendig eining.

Skepsis i UiB-styret

Når Universitet i Bergen seier nei til ein storfusjon på kort sikt, er den framtidige strukturen rundt Høgskulen i Sogn og Fjordane igjen i det blå.

At UiB vender tommelen ned, er det to årsaker til. For det fyrste er universitetet ein så stor institusjon at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner han ikkje treng å slå seg saman med andre.

– Ein fusjon er heller ikkje forankra i UiB-styret, seier rektor Olsen.

Fagklynger

Det UiB, HiB og HiSF derimot er blitt samde om, er å samarbeida tettare om å få tak meir av alle forskingsmillionane i EU-systemet, og om å styrkja utdanninga av lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar ved å oppretta fagklynger.

Desse planane blei presenterte for statssekretær Bjørn Haugstad (H) for ei veke sidan, men det er ikkje klart om Regjeringa vil gi grønt lys for eit slikt samarbeid åleine.

Ståande fusjonsinvitasjonar

For HiSF har ståande fusjonsinvitasjonar frå høgskulane i Volda og i Bergen.

Åse Løkeland

REKTOR HiSF: Åse Løkeland.

Foto: Steinar Lote / NRK

HiSF-rektor Åse Løkeland har no gått i tenkjeboksen for å finna ut kva ho skal tilrå for høgskulestyret seinare denne veka: Skal høgskulen skal gå for samanslåing, eller bli verande sjølvstendig, men med utstrekt fagsamarbeid med andre høgskular og universitet?

Styret tek stilling 4. og 5. februar, og konklusjonen frå Regjeringa kjem i ei stortingsmelding som er venta i løpet av våren.