Hopp til innhold

Støtte frå heimfylket har enormt mykje å seie for Liv Signe Navarsete og Senterpartiet

I dag skal Liv Signe Navarsete prøve å overtyde folk i Sogn og Fjordane om at ho har gjort ein god jobb i regjeringa, og at Senterpartiet fortener stortingsplassen.

Val2013: Partiutspøjing Sp, Liv Signe Navarsete

Val2013: Partiutspøjing Sp, Liv Signe Navarsete

Fredag ettermiddag er turen komen til Senterpartiet i serien av utspørjingar i NRK Sogn og Fjordane. Då vil nok spørsmål rundt kva fylket vårt har att for å ha hatt Liv Signe Navarsete i ein statsrådpost i åtte år vere naturlege.

Spørsmål rundt E39 og bru over Nordfjorden er det og grunn til å tru at utspørjar Erlend Blaalid Oldeide har på blokka si når utspørjinga startar i radio og nett-tv.

Men du kan også vere med på å sette dagsorden. Send oss ein e-post med spørsmål eller synspunkt på sf@nrk.no.

Erlend Blaalid Oldeide

UTSPØRJAR: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Johan Moen / NRK

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle førstekandidatane, og han har laga dette samandraget om Liv Signe Navarsete:

Har fått kritikk for det meste

Dette valet er ekstra spennande for Senterpartiet og partileiar Liv Signe Navarsete. Ho er leiar for partiet som sjølv meiner dei - framfor alle andre - snakkar og kjempar distrikta si sak, men som slit både på nasjonale og lokale meiningsmålingar.

I tillegg har ho fått kritikk for det meste i Oslo-media denne valkampen. For partileiaren som har stått oppi mange heftige stormar i si leiartid og statsrådtid, er storleiken på støtta i heimfylket difor av enorm betydning.

Det har gått 18 år sidan no 54 år gamle Navarsete kom som eit frisk pust inn i fylkespolitikken etter eit par periodar i lokalpolitikken i Sogndal. Ho var innom regjeringskontora som politiske rådgjevar i Sosialdepartementet i Bondevik 1, var fylkesleiar i partiet i seks år og vart vald til 2. nestleiar i partiet sentralt.

Har aldri brukt stortingsplassen

Ho vart vararepresentant på Stortinget bak Jorunn Ringstad i 2001, men var sjølv toppkandidat i 2005 og fekk fast stortingsplass, ein plass ho aldri har brukt. Ho vart nemleg samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa rett etter valet i 2005.

Etter valet i 2009 skifta ho departement og tok over Kommunal- og regionaldepartementet. Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar under dramatiske omstende hausten 2008, har Navarsete også vore partileiar.

Landskjent temperament

Liv Signe Navarsete er ein politikar med stort engasjement, mykje energi, mykje godt humør, er debattglad og tydeleg, men også etter kvart med eit landskjent temperament som har gitt ei rekke medieoppslag ho sikkert kunne vore forutan.

Når ho no skal heim for å sanke stemmer på heimebøen igjen, er spørsmålet om rikspolitikaren Liv Signe er blitt for mykje rikspolitikar. Ho og partiet gjorde gode val i fylket både i 2005 og ikkje minst i 2009.

Dramatisk når Sp-mandatet er i fare

Når lokale meiningsmålingar i valåret viser at Senterpartiet slett ikkje kan vere sikre på å kome over sperregrensa, og endåtil Sp-mandatet her i fylket kan vere truga, har det skjedd noko dramatisk. Ikkje ein gong 400 millionar kroner ekstra til Olden-Innvik for bru Lote-Anda, ser ut til å skape entusiasme.

Meir enn nokon gong må partiet stole på den gamle sanninga om at SP gjer det betre i val enn i meiningsmålingar. Å vere partileiar, vere ein del av ei regjering og vere ein av landets mest profilerte politikarar skulle i utgangspunktet vere ein fordel for Liv Signe i valkampen - spørsmålet er om veljarane ser det på same måten.

Du kan vere med på å utforme utspørjinga. Send oss ein e-post på sf@nrk.no!

Andre utspørjingar

Her kan du sjå korleis dei andre førstekandidatane som har vore i elden greidde seg: