NRK Meny
Normal

Uthus brann ned til grunnen

Brannvesenet har no kontroll på staden og det er ingen fare for spreiing av brannen ved Olstad i Sogndal.

Uthusbrann på Kaupanger

UTHUS: Det var eit uthus som brann ned i Sogndal natt til fredag.

Foto: Christian Blom

– Strålevarme har ført til varmeskade på kledninga på eit tilstøytande hus, men ein har klart å hindre elden i å spreie seg, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen klokka 23.58.

Brann på Kaupanger

BRANN: Naudetatane rykte ut til brann i eit uthus på Kaupanger i Sogndal kommune torsdag kveld.

Foto: NRK-Tipsar

Naudetatane rykte torsdag kveld ut til ein brann i eit uthus på Kaupanger i Sogndal kommune. Brannvesenet har no kontroll på staden, det er ingen personskadar, men uthuset er nedbrend og det er noko skade på bygningane rundt.

– Vi fekk melding om brann i eit uthus klokka 2255, men det var fare for spreiing til hovudhuset. No ser det ut som om hovudhuset blir berga, opplyser Magni Brandsøy ved Alarmsentralen i 23.30-tida.

– Uthuset var ikkje mogleg å berge, men det har heldigvis ikkje vore personskade, seier Brandsøy.

Brannårsaka er foreløpig ukjend.

Vegopning på Bergum i Førde kommune