Hopp til innhold

Uhell skapte trafikkproblem på E39

Eit mindre uhell førte til trafikkproblem på E39 ved Eikås i Jølster.

Eikås trafikkuhell

UHELL: Ein bil fekk problem, og hindra trafikken på E39 ved Eikås.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Minst ein personbil var involvert i uhellet, som no fører til saktegåande trafikk forbi staden på Eikås.

– Trafikken har delvis korka seg på staden, men det er mogleg å kome forbi. Men bilistar bør vere varsame når dei kjem til Eikås, fortalde ein tipsar til NRK.

Politiet var ikkje informert om det som skal ha skjedd på E39 sør for Vassenden.