Hopp til innhold

Uhell og dårleg vêr fører til trøbbel på vegane

Fredag føremiddag er det meldt om fleire trafikkuhell og problem på vegane i Sogn og Fjordane.

Tre i vegen i Sogn, mellom Kaupanger og Sogndal.

TRETRØBBEL: Mykje snø har truleg gjort at eit tre la seg over vegbana på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Kaupanger fredag føremiddag.

Det er innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland, og på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Like før klokka 11 er det kolonnekøyring på Hardangervidda, men berre for køyretøy over 7,5 tonn. Mindre køyretøy får ikkje kome over.

– Det er ofte den som er mest vêrutsett, og det indikerer at det er meir vêr i vente. Og det kan bli kolonnekøyring på fjellovergangane på kort varsel, seier Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen.

Fleire trafikkuhell

Pågangen til Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane er stor på grunn av veg og føreforholda i fjordfylket. Halv åtte fredag morgon fekk politiet også melding om ein lastebil som hadde kvelva på E16 ved Tønjum. Her er det opna for fri ferdsel, etter at det tidlegare i dag var halvtimes stengingar på grunn av bilberging. Ingen vart skadde i uhellet.

Lastebil kvelva ved Tønjum på E16

KVELVA: Ein lastebil kvelva då han møtte brøytebilen på E16 ved Tønjum.

Foto: Jan Christian Jerving

På vegen mellom Sogndal og Kaupanger skapte også eit tre trøbbel på føremiddagen.

– Treet har truleg hatt mykje snø på seg, og til slutt bikka over vegen. Brøytebilen stroppa etter kvart treet på og drog det ut av vegen, fortel NRK sin reporter Even Lusæter som kom like etter at treet hadde lagt seg over vegen.

Også på Riksveg 15 i Stryn hamna ein bil utfor vegen. Det var slaps i vegbana, og føraren vart send til lege for sjekk.