Uhell i Flora

Naudetatar har rykka ut til eit trafikkuhell ved Haukåvatnet i Flora kommune. Ein bil med ein person i er involvert, og bilen skal ha køyrt av vegen. Sjåfør er ute av bilen og framstår uskadd. Det er mindre skadar på bilen, og politiet melder at det ikkje er trafikale problem på staden. Sjåføren blir teken med til legevakt for rutinemessig sjekk.