NRK Meny
Normal

Uheldige faktorar årsak til skredet

Liknande skred som tok livet at to menneske i Balestrand i mars, vil truleg berre inntreffe kvart hundrede år i dette området. Det syner ein rapport frå NGI.

Ras i Balestrand

SOPT VEKK: Bustadhuset som stod her vart sopt vekk av eit sørpeskred av snø, vatn, is, jord, stein og tre som kom i ei veldig fart.

Foto: Arve Uglum / NRK

Norges Geotekniske Institutt skriv i sin rapport om den fatale skredulukka i Balestrand, at slike skred er svært sjeldne i dette elvelaupet.

- Vi har ingen opplysningar og det er heller ikkje spor i terrenget som tyder på at det har gått slike store skred dei siste åra. Truleg går det eit slikt skred i dette elvelaupet kanskje kvart hundrede år, seier Frode Sandersen som er avdelingsnestleiar ved NGI til NRK.no.

Bustadhus sopt vekk av skred

Kvelden den 21. mars i år vart det slått full alarm i Balestrand. Eit sørpeskred stengde fylkesveg 55 like utanfor Balestrand sentrum, og i raset fann vegarbeidarar restar av eit hus.

Kort tid seinare vart det klart at eit bustadhus var sopt vekk av store massar av snø, sørpe og vatn. Eit sambuarpar i 50-åra var i huset då dei enorme rasmassane trefte huset og det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon.

Stor rasfare gjorde leitearbeidet svært vanskeleg, men dagen etter vart begge dei sakna funne omkomne. Ein av dei vart funne i elvelaupet om lag 300 meter frå huset, medan den andre vart funne i sjøen seinare same kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

STORE KREFTER: Geologane frå Vegvesenet meiner skredet kom nedover dalen i ein fart på 80 kilometer i timen.

Foto: KV Andenes

- Fleire uheldige faktorar

Sandersen seier det var fleire uheldige faktorar som saman utgjer årsaka til den tragiske hendinga.

Store mengder nedbør, i kombinasjon med snøsmelting og eit laust snølag vart katastrofalt.

- Det regna truleg meir ein 100 millimeter dette døgnet, noko som er veldig mykje. Samtidig var det mykje snø i terrenget og i det milde vêret vart det stor snøsmelting, forklarar Sandersen.

Den tredje faktoren var at det nedste laget med snø i terrenget var svært laust etter ein kald førvinter ifølgje NGI.

- Den lause snøen i botnen gjorde det lett å dra med seg store delar av snødekket nedover i elvelaupet, seier Sandersen.