Hopp til innhold

Uheldig ekorn kortslutta høgspentmasta

Eit lite ekorn var skikkeleg uheldig og kortslutta ei høgspentmast i Gloppen. Det tok straumen i bygda og den vesle krabaten måtte bøte med livet.

Gunnar Sæthre (t.v.) og Robert Fossheim

FANN EKORNET: Gunnar Sæthre (t.v.) og Robert Fossheim rykka ut for å finne ut kvifor straumen forsvann.

Foto: Firda Tidend

– Vi har aldri før vore borti at ekorn har kortslutta ei mast før. Det er slikt som av og til hender med fuglar og særleg kråker, seier Gunnar Sæthre som er energimontør i SFE.

Det var Firda Tidend som først fortalde den spesielle historia som skjedde søndag. Gunnar Sæthre blei kalla ut til Gloppestad då straumen forsvann.

– Dei som var i området høyrde eit skikkeleg kraftig smell og straumen blei vekke. Dei lurte på kva som hadde skjedd og eg rykka ut, fortel han til NRK.no.

Såg halen over kanten

For å klatre i kraftmaster må dei alltid vere to og difor tilkalla han forsterkning og tok med seg Robert Fossheim. Då dei to karane kom til staden såg dei fort kva som hadde skjedd.

– Vi såg ein hale som stakk ut på transformatoren om lag fem meter over bakken. Ekornet har kortslutta straumen mellom to fasar og fått heile 24000 volt gjennom seg. Det er sterke krefter i sving, fortel Sæthre.

Eit veldig uheldig ekorn

Dei klatra opp og fekk henta det ned. Sæthre tykkjer det er spesielt å oppdage eit ekorn høgt oppe i masta.

– Vi veit ikkje kva det prøvde på, om det var å byggje eit reir. Eg tykkjer i alle fall det var synd det skulle ende slik for ekornet. Det har vore veldig uheldig.

Innbyggjarane var utan straum eit par timar medan to dei el-montørane gjorde jobben sin. Det daude ekornet la dei ut på eit jorde.

– Vi la det der slik at det kunne bli teke av andre dyr, seier han.

Ekorn grilla i høgspentlinje

RASK DØD: Heile 24.000 volt for gjennom den vesle kroppen som forvilla seg opp i høgspentmasta.

Foto: Firda Tidend