Hopp til innhold

Ugle angreip turgåarar - no ber politiet folk halde seg på avstand

Ei ugle har gjort livet surt for turgåarar i Gaupne. Laurdag angreip ugla tre personar som var på tur ved Lø i Sandvikberget.

Utsikt mot Marifjøra

GAUPNE: Biletet er teke frå Skjøgnane i Engjadalen. Sandvikberget er til høgre i biletet. Rett fram ser ein Marifjøra.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Ugla skal først ha angripe to personar som var ute og gjekk. Ein time seinare vart ein 14-åring også angripen av ugla, fortel politibetjent Kristin Sønnesyn ved Luster lensmannskontor.

Politiet i Luster har no gjennom Facebook oppmoda folk om å syne varsemd på strekninga, og ikkje la små barn gå der åleine.

– Ugla passar nok på ungane sine, og gjer det ho kan for å verne dei. Det er tydeleg at ugla ikkje set pris på trafikk i området, seier Sønnesyn.

Flyg så godt som lydlaust

Kattugla er ein dyktig jeger, ikkje minst fordi ho er så godt som lydlaus når ho flyg. Ho er stort sett aktiv on matta, men held seg i ro på dagen.

Kattugla forårsakar fleire skader på menneske enn nokon annan europeisk fugleart, og ho vert svært aggressiv viss ho må forsvare reiret sitt.

Ifølgje wikipedia vil ho forsvare reir og ungar heilt fryktlaust, og ho slår etter inntrengarens ansikt med dei lange skarpe klørne sine.

– Sidan ho flyg omtrent lydlaust, er ho ofte vanskeleg å oppdage før det er for seint. Når ho i tillegg kjem bakfrå, kan det vere svært skremmande for dei som opplever det, og skadepotensialet er stort, seier Sønnesyn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sandvikberget

POPULÆR: Sandvikberget er ein populær turveg som vert hyppig nytta av folk i Luster.

Foto: Gry Anita Sviggum

Ikkje lat born gå der åleine

Kor lenge folk bør vere forsiktige i Sandvikberget, er vanskeleg å seie. Men truleg vil ugleungane ha funne vegen ut av reiret i løpet av nokre vekers tid.

– Det kjem sjølvsagt an på kor i prosessen ugla er. Men dette er eit svært populært turområde der det går folk store delar av både dagen og kvelden. Vi ber folk vere forsiktige og følgje med, og ikkje lat born gå der åleine, seier Sønnesyn.

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Einar Fortun, har også fått melding om ugla.

– Dette er i grunn normalt. Ho vernar om reiret sitt. Her må folk berre halde seg unna medan ho har ungar i reiret. Dette er over om tre-fire veker, seier Fortun.

Og som om det ikkje skulle vere nok med farar frå lufta og ugler i mosen, åtvarar også politiet mot dyr med fire bein i Luster.

Åtvarar mot tam rev

– I vinter har det rusla rundt ein tam rev i området mellom Opptun og Turtagrø. I går fekk vi melding om at reven hadde bite, og vi oppmodar difor folk om å halde seg på avstand dersom dei ser reven, seier Sønnesyn.

Forthun, stadfestar at reven er i overkant glad i menneske, og at han held seg i området som ligg eit godt stykke nedanfor Turtagrø.

– Lat reven vere og hald dykk unna. Ikkje gi han mat og ikkje klapp han. Han er van med å bli mata, og eg trur han bit etter folk når han ikkje får noko. Eg trur ikkje han er aggressiv, men det er ikkje vits å ta nokon sjansar, seier Fortun.