Hopp til innhold

Asbjørn må stå og sjå lagkameratane staka mot meisterskap

VIK (NRK): Stortalentet Asbjørn Wold hadde sikta seg inn mot VM i Holmenkollen. Men ein uforklarleg sjukdom har hindra gjennombrotet: – Eg gir ikkje opp, seier 24-åringen.

Asbjørn Wold

MISTA SIST SESONG: – Mange lurer på om det er over no, men eg har lyst å halda fram, seier Asbjørn Wold.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er tungt å sjå at dei andre blir betre utan at eg får gjort arbeidet mitt, seier Asbjørn Wold.

24-åringen frå Vik er på treningssamling til satsingslaget Team Gla’laks, men medan lagkameratane stakar seg dei bratte kilometerane frå Vikøyri til Vikafjellet – med hissige flugesvermar i nakken, må Wold stå og sjå på:

– Eg har prøvd å byrja med trening att, men etter to-tre veker har det sagt stopp. Kroppen er ikkje frisk, men me greier ikkje finna ut kva det er.

Kjartan Helland

800 HØGDEMETER ATT: Trenar Kjartan Helland piffar opp skiskyttartalenta under stakeøkta frå Vikøyri til Vikafjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Framleis motivert

Wold har fleire medaljar frå hovudlandsrenn og junior-NM og har sterke plasseringar i senior-NM. Og i fjor sommar såg alt lyst ut, men så kjende han at noko var gale. I vinter trudde Wold det kunne vera kyssesykja. Men etter mange blodprøvar og testar hjå fastlege, Olympiatoppen i Oslo og spesialistar i Bergen, står skiskyttaren framleis utan diagnose.

– Mange lurer på om det er over no, men eg har lyst å halda fram. Det er dette eg vil driva med.

24-åringen meiner det er mogleg å slå gjennom i høg alder og viser til langrennsløparar som Chris Jespersen, andremann i fjorårets Tour de Ski:

– Det gjekk mange år før han verkeleg slo gjennom som senior, og han var tretti år før han var fast på verdscuplaget. Så det er mogleg.

Sykja kan gjera godt

Wold sitt store mål har vore verdsmeisterskapen i Holmenkollen på nyåret.

– Det ser verkeleg mørkt ut no. Fyrst må eg bli frisk, forhåpentlegvis før sesongen startar, og så må eg berre ta det derifrå.

Wold trur kroppen kan ha godt av eit avbrekk etter mange år med hard trening, og at det kan koma noko godt ut av å måtta kjempa mentalt.

– Kanskje kjem eg styrka ut av dette, både ved å bli sterkare mentalt og ved å få eit ekstra løft fysisk.

Endre Wold

GÅR OPPOVER: Endre Wold (19) kan få gjennombrotet sitt i vinter, men tykkjer det er seigt at storebror Asbjørn er sett ut av spel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Veslebroren på veg opp

Medan Wold må nøya seg med å halda kontroll på drikkebelta til lagkameratane under treningssamlinga i Vik, er veslebroren Endre Wold (19) ein av dei som stakar seg dei 1000 høgdemeterane opp mot Vikafjellet. Også han er eit skiskyttartalent, med siger i norgescupen. I år er målet å hevda seg blant dei beste i juniorane, sjølv om han er yngst i klassen sin.

– Det er seigt å sjå at Asbjørn ikkje få driva med det han likar. Samstundes har han vore ei stor motivasjonskjelde for meg oppgjennom åra.

Også trenar for satsingslaget, Kjartan Helland, tykkjer det er leitt at storebror Wold er sett ut av spel, men at det ikkje treng å vera avgjerande for karrieren:

– Det er individuelt korleis ein taklar slik tunge periodar, men me veit er at dei som har blitt gode, har handtert slike periodar godt.

Team Gla'laks

TEAM GLA'LAKS: Satsingslaget med unge talentfulle skiskyttarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Bjørn Tore Årevik