Hopp til innhold

Let seg ikkje stogge av knekt nase - sjølv om han må spele med maske

Etter eit ublidt møte med eit Vålerenga-kne like før kampslutt går Kenneth Udjus no med knekt nase. Truleg blir han å sjå med ansiktsmaske på trening og kamp i tida framover.

Kenneth Udjus

KNEKT NASE: Kenneth Udjus let seg ikkje stoppe av knekt nase og stod ut kampen med nasen full i bomull. (Biletet er teke tidlegare denne sesongen).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sørlendingen stod fjellstøtt mellom stengene då Sogndal i går henta heim tre poeng mot Vålerenga. Heller ikkje etter at han fekk kneet til Abdurahim Laajab i nasen var det snakk om kaste inn handkledet.

– Eg var litt i ørska med ein gong, og det var heilt klart ubehageleg. Men du har så mykje adrenalin, så det er berre å halde ut, seier Udjus til NRK dagen etterpå.

Også medisinsk koordinator, Kim Are Jacobsen, vart fort klar over at Sogndal-keeperen hadde fått seg ein skikkeleg trøkk i ansiktet.

– Eg merka fort at det var brot, fortel Jacobsen.

Men etter å dei fekk stogga blødningen gjekk Udjus på bana att, med nasen full i bomull.

– Når du er i kampmodus så vil du ikkje gje deg, du vil fullføre, seier Udjus.

Skal ta røntgen måndag

Sogndal sin tropp er prega av skader, men medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen trur ikkje Udjus skriv seg inn på lista over dei som må stå over kamp med det første.

Hardhausen frå Kristiansand blir i staden å sjå med ei tilpassa ansiktsmaske på trening og kamp, seier Jacobsen.

– No fekk vi knekt nasen på plass etter kampen, og så er planen at han skal ta ein røntgenbilete på måndag. Mest truleg blir det til at han må spele og trene i ei ansiktsmaske, seier den medisinske koordinatoren i sogneklubben.

Truleg raskt tilbake på treningsfeltet

Han understrekar at det ikkje er 100 prosent sikkert at det blir nødvendig for Udjus å bruke ei slik maske, og seier dette vil bli bestemt etter at ein ser korleis røntgenbileta ser ut.

– Det kan hende at ein må bryte det endå meir på plass, men det veit vi ikkje enno, seier Jacobsen som trur Udjus er klar til trening igjen over helga.

At Udjus held stand mellom stengene er det truleg mange som er glade for, for han har vore ei klippe i Sogndalmålet så langt. På dei fem første kampane har Udjus berre sleppt inn eitt mål, og han har sjølv sagt at han er svært glad for tilliten han har fått av trenar Jonas Olsson.

– Ingen problem med maske

Før Udjus har teke røntgen på måndag er det ingen som veit heilt sikkert om det blir nødvendig å spele med maske på trening og kamp framover. Om det skulle bli maske er det ikkje noko som uroar sørlendingen.

– Dei er blitt så flinke med å tilpasse slinke ting, så det trur eg i så fall ikkje blir noko problem, seier han.

Han ser uansett slett ikkje for seg at han skal bli sitjande på benken i tida framover på grunn av den knekte nasen.

– Dette går bra, seier han blid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tonny Brochmann får skryt etter målet mot Vålerenga

SMELL: Tonny Brochmann fekk seg ein smell like ved tinningen, og ein frykta ei stund at han hadde fått brot i kjeven. Biletet er teke like etter at han gav Sogndal leiinga 2-0 halvvegs i første omgang i går.

Foto: Varfjell, Fredrik / SCANPIX

Frykta brot i kjeven

I tillegg til den knekte nasen til Udjus frykta Sogndal også at målskårar Tonny Brochmann hadde fått seg eit brot i kjeven etter eit samanstøyt med ein motspelar.

Til alt hell viser det seg at dette ikkje er så alvorleg.

– Han har teke røntgen i dag, og det viser seg at det ikkje er brot. Men han har fått seg ein skikkeleg smell og har ein bra kul. Men no tek han det litt med ro i helga, så er han etter alle solemerke klar til måndag, seier Jacobsen.