Hopp til innhold

Udjus klar for Sogndal

Målvakt Kenneth Udjus (31) går til Sogndal på utlån frå Lillestrøm ut 2014.

Nils Kenneth Udjus

TILBAKE: Kenneth Udjus vil vere tilbake mellom stengene i Sogndal frå hausten av.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

Udjus har ikkje spelt ein einaste seriekamp for Lillestrøm denne sesongen, og har vorte eit klart andreval bak Arnold Origi. No er han klar til å syne seg fram i Sogndal-drakta.

– Det er veldig kjekt å vere tilbake i Sogndal. Ambisjonane mine er at laget skal halde seg i Tippeligaen, seier Udjus til sogndalfotball.no.

Også Sogndal-leiinga er glad for å ha fått Udjus tilbake på laget.

– Udjus vil vere eit godt supplement i keepergruppa saman med vår unge og framstormande Mathias Dyngeland og Leif Lysne, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til nettsida.

Passa best med utlån

Til Romerikes Blad sa kristiansandaren før avtalen var klar at han ville helst gå på utlån framfor å bli seld.

– Eit utlån er det som vil passe meg best no, både sportsleg og personleg. Då kan eg komme tilbake før neste sesong, seier Udjus til avisa.

Erik Dahlin hadde sin siste dag på jobben mellom stengene i Sogndal i helga, og er no på veg til sine nye klubb Trollhättan FC.

Fekk Kniksen-prisen

Den tidlegare Vigør-keeperen spelte for Sogndal frå 2011-2012, og fekk Kniksen-prisen som årets målvakt i sin siste sesong for Sogndal. Udjus spelte for Brann 2009-2010.

I fjor spelte han 22 av 30 seriekampar for Lillestrøm.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med Udjus utan å lukkast.