Hopp til innhold

Bendik ut, Lysne inn - og Udjus har signert ny kontrakt med Sogndal

Sogndal-keeper Kenneth Udjus har signert for eit nytt år med klubben.

Leif Lysne, Kenneth Udjus

NY PÅ LAGET: Leif Lysne (t.v.)frå Lærdal kjem frå 3. divisjonsklubben Fjøra til Sogndal som ny reservekeeper. Her saman med førstemålvakt Kenneth Udjus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kenneth Udjus kom til Sogndal før denne sesongen som ein del av bytehandelen som tok Piotr Leciejewski til Brann.

Han har vist seg å bli ein stor suksess i Sogndal-målet, og no har klubben sikra seg tenestene frå keeperen i eitt år til.

Brann - Sogndal 2-0, Kenneth Udjus

GODT LIKT: Kenneth Udjus er viktig for Sogndal, både på og utanfor bana.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tysdag ettermiddag vart det også klart at Leif Lysne frå Lærdal vert ny reservekeeper for Sogndal. Han overtek den rolla etter Joe Bendik som ikkje lenger har kontrakt med Sogndal.

Joe Bendik

SLUTTAR: Joe Bendik står utan kontrakt med Sogndal.

Foto: Arkiv / NRK

– Dette er ein prosess vi har jobba med gjennom sesongen, seier keepertrenar i Sogndal, Terje Skjeldestad.

Ei rekkje Sogndal-spelarar står utan kontrakt etter denne sesongen. Mats Solheim har allereie signert for svenske Kalmar, Even Hovland blir etter alle solemerke selt i januar – og ei rekkje andre spelarar har signalisert at dei vil vidare.