Hopp til innhold

«No er karrieren på veg opp»

Kenneth Udjus hadde aldri nokon reell sjanse til å bli førstekeeper i Brann. No blømer han som Sogndal sin sisteskanse.

Video Udjus sette ny rekord

NY REKORD: I kampen mot Haugesund sørga Kennth Udjus for ny rekord i tal minuttar utan å sleppa inn mål.

I kampen mot Haugesund søndag måtte han til slutt sleppe inn eitt mål, men det etter ein strålande kamp mellom stengene.

Etter overgangen frå Brann til Sogndal, har sørlendingen fått fornya tru på seg sjølv, og frå å vere vrakgods i Bergen er han no ein gullskatt for sogningane.

Var andreval

– No har eg fått tillit og det har mykje å seie, og fått lov til å spele fast sjølv om ein kanskje gjer ein tabbe i ny og ne, seier Udjus til NRK.

I Bergen var det utan tvil Håkon Opdal som var førstevalet i alle kampane, men då Brann etterkvart ønskte seg Piotr Lecijevski frå Sogndal - var valet klart. Udjus ville gjerne vere den som vart byttevaren for polakken.

Kenneth Udjus

SOLID KRIGAR: Kenneth Udjus har imponert stort så langt i år som målvakt for Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nøgd trenar

– I Brann var eg inne på lånt tid, og der måtte eg overprestere om eg i det heile skulle ha ein sjanse. Det var ingen lett situasjon, sler Udjus klart fast.

Mangeårig toppspelar og noverande målvakttrenar, Terje Skjeldestad, er særs nøgd med innsatsen til Udjus etter klubbytert frå Brann.

– Vi visste vi ga i fra oss ein god keeper, og vi visste vi fekk ein god keeper. Kenneth har fått tryggleik og tillit her og eg trur vi har meir i vente frå den kanten, seier Skjeldestad.