Hopp til innhold

Udjus fekk det perfekte avskil

Kenneth Udjus (29) kunne ikkje fått noko betre avskil med Sogndal og Fosshaugane, enn han gjorde.

Kenneth Udjus takkar for seg.

TAKKAR: Kenneth Udjus takkar for seg og over 5.000 tilskodarar takkar 29-åringen for innsatsen han har lagt ned gjennom to år i Sogndal-buret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har lenge vore klart at Kenneth Udjus til neste år skal vakte buret til Lillestrøm.

Håvard Flo og Kenneth Udjus

KYSSET: Assistenttrenar Håvard Flo gir Kenneth Udjus eit kyss på kinnet etter at Sogndal berga plassen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Søndag spelte han sin siste kamp for Sogndal då gamleklubben Brann vart slått 2–0 på Fosshaugane.

– Det har vore ein heilt spesiell dag. Spesiell oppbygging til kampen sidan det er Brann i siste seriekamp her oppe. Men det vart ei heilt fantastisk avslutning, seier 29-åringen.

Taksam Udjus

Då dommar Espen Berntsen blåste av kampen, reiv Udjus av seg keepertrøya medan han sprang mot Saftkokaradn. Trøya hamna hos ein heldig tilskodar. Udjus måtte bruke ekstra lang tid med heimepublikumet.

Frå heimepublikumet fekk han også med seg ein plakat, medan ein Brann-supporter overrekte Brann-effektar.

– Eg er veldig takksam over å ha blitt sett pris på den tida eg har vore her, og jobben eg har lagt ned. Eg er utruleg takksam for å ha fått vore her i bygda og blitt tatt så godt vare på, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus kastar trøya si til publikum.

KASTA TRØYA: Kenneth Udjus kasta trøya på tribunen etter sigeren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fekk Kniksenprisen

Udjus var reservekeeper i Bergen då han før fjorårssesongen kom til Sogndal frå Brann. Etter det er det blitt 55 seriekampar og Udjus har spelt ei viktig brikke i at Sogndal kan gå inn i ein tredje sesong på øvste nivå.

Den siste kampen blir heilt spesiell. Ikkje berre heldt han nullen mot gamle lagkameratar. Og ikkje nok med at Sogndal vann og berga plassen.

29-åringen vart også kåra til årets målvakt, og tildelt Kniksenprisen for 2012.

– Kunne det ha vore eit betre avskil?

– Nei, det kunne ikkje det. Det var ei heilt vill glede då dommaren blåste av. Det var mest som om vi hadde vunne gull. Det har vi nesten også, avsluttar Udjus.

Fleire farvel

Azar Karadas

FARVEL: Azar Karadas måtte ut med skade i andre omgang.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Heimepublikumet Sogndal tok truleg farvel med fleire spelarar søndag kveld. I tillegg til Udjus er det allereie klart at Ahyee Aye Elvis reiser frå bygda. Ivorianaren medverka ikkje i kampen. Reiser gjer nok også Henrik Furebotn, medan alt er uvisst kring kontraktlause Gustav Valsvik og Azar Karadas.

Samstundes er også Per Egil Flo, Ulrik Flo og Stephané Diarra Badji mellom spelarar som klubben sjølv nemner som salsobjekt før 2013-sesongen startar. Også Eirik Bakke har sett seg i «tenkjeboksen».

– Det byrjar i alle fall å bli på tide. Eg har vore her i seks år og kunne nok tenkt meg å skifte beite om den rette klubben kjem med det rette tilbodet, seier toppscorar Flo.

– Nye utfordringar

Ulrik Flo mot Brann.

MODEN: Ulrik Flo (t.v.) er av klubben peika ut som ein av spelarane modne for å flytte på seg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det hadde jo vore kjekt å prøve noko nytt. Det trur eg også at Sogndal ynskjer meg, seier han og avviser at han er lei Sogndal.

– Det handlar om å søke nye utfordringar, å ta eit steg vidare. Det hadde vore artig å sett om ein kan gjere det like godt i andre klubbar, held Flo fram og seier han så langt ikkje har høyrt om interesse frå andre klubbar.

Dansk, norsk og svensk interesse

Derimot stiller saka seg litt annleis med midtbanespelaren Henrik Furebotn. Som Flo la årdølen ned eit solid stykke arbeid då Brann vart sløkt på eige kunstgras.

Dei neste dagane vil han avgjere kvar fotballframtida hans ligg. Norske, svenske og danske klubbar er interesserte i 26-åringen. Han seier eliteseriestatus for Sogndal også i 2013 ikkje har noko å sei for hans val.

– Det går meir på min stoltheit som fotballspelar, at eg ikkje skulle avslutte med nedrykk. Eg har vore med på eitt opprykk og vi har halde oss i eliteserien to gonger. Aldri noko nedrykk, og det er eg stolt over, seier Furebotn.

Olsson ikkje uroa

Sogndal-trenar Jonas Olsson innser at fleire spelarar kan forsvinne, men ser ikkje særleg uroa ut over det.

Klubben har fått fram yngre krefter som har stått fram, og har også fleire talentfulle spelarar i rekkjene. Samstundes er første spelaren også allereie klar ettersom sandensaren Rune «Bolli» Bolseth vender «heim».

– Det var mange som forsvann før sesongen også, seier Olsson.