NRK Meny
Normal

UDI legg ned over 1600 asylplassar i heile Norge

UDI varslar no at dei legg ned 17 asylmottak over heile landet. Det råkar ikkje minst fleire hundre mindreårige asylsøkjarar.

Asylsøkere på Landås asylmottak

KUTTAR OVERALT: Ei rekkje asylmottak over heile landet blir lagt ned. Nedgangen i talet på asylsøkjarar er årsaka.

Foto: Ole-André Lagmanndokk / NRK

UDI vil ikkje gå ut med lista over mottak som blir nedlagt torsdag, men stadfestar at det mellom anna gjeld mottaka for einslege mindreårige på Skei i Jølster på Hå på Jæren.

– Bakgrunnen for det er at UDI har alt for mykje ledig kapasitet. Det har samanheng med at i 2015 så kom det over 31.000 asylsøkjarar, mot berre 3460 i fjor. Vi har ein nedgang på over 27.000 asylsøkjarar, seier regiondirektør i UDI, Stig Arne Thune til NRK.

Han og andre i UDI har brukt dagen i dag på å orientere drivarar av asylmottak og deira tilsette om at ei rekkje mottak blir lagt ned.

Kan bli kutta fleire mottak

Totalt omfattar nedlegginga 1610 mottaksplassar. Av dei har 320 av plassane vore øyremerka for dei mindreårige som kjem aleine til landet.

– Kva skjer med dei resterande mottaka som er igjen i Norge?

– Dersom det framleis blir låge ankomstar til Norge, så vil eg ikkje sjå vekk frå at det kan bli ytterlegare reduksjon av fleire mottak, seier Thune.

Eit av selskapa som no må seie opp tilsette er Norsk Mottaksdrift, som no må legge ned sitt siste mottak i Norge etter ordre frå UDI.

Legg ned sitt siste mottak

Eigar av selskapet Norsk Mottaksdrift, Per Erik Lykstad, seier reaksjonane hos dei tilsette har variert, men at beskjeden ikkje kom heilt uventa då det kjem færre asylsøkjarar til landet. Derimot vart han sjølv overraska då han og beskjeden i dag.

– Eg forstår at UDI må legge ned når det vert færre asylsøkjarar. Men det som er utfordrande er om vi får ein auke igjen i talet på asylsøkjarar. Då vil beredskapen vere dårlegare, seier mottakseigaren.

For Lykstad var beskjeden i dag tung av mange grunnar.

– For oss som selskap er dette og spesielt, då Skei er det siste mottaket vi driv. For oss er denne typen verksemda no over. I 2016 var vi rundt 300 tilsette ved mottaka våre og i desember vil vi vere null.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.